Ny prosjektleiar i Bømlo Næringsråd

bilde

Fram mot sommaren 2023 vert dagleg leiar leigd ut mellom 60 – 70 % på prosjekt. Næringsrådet har samstundes høg aktivitet, og mange oppgåver å følgje opp. Difor har styret vedteke å tilsette ein ny ressurs, og Mari Pedersen Totland startar som prosjektleiar i fast stilling frå 1. desember 2022.

- Mari er ei drivande dyktig og triveleg jente, så det er berre å glede seg til ho kjem på besøk, seier dagleg leiar Nina Ingvaldsen. - I næringsrådet vil ho få eit særleg ansvar for kommunikasjon og marknadsføring, i tillegg til arbeid med å etablere og drive eit nettverk med faglege og sosiale aktivitetar for unge i næringslivet vårt, samt arbeid for å få utflytta bømlingar heim att.

Med sine 27 år, er Mari både ung og lovande, har ein bachelor i marknadsføring og kommunikasjon frå Universitet i Agder, og ein master i leiing og organisasjonspsykologi frå BI. Etter utdanninga har ho jobba nær tre år som prosjektleiar i Oslo hos IT-selskapet Experis Norway, og som prosjektleiar i reklame- og kommunikasjonsbyrået Tada etter ho flytta heim att til Bømlo. Men frå 1. desember er det Bømlo Næringsråd. - Eg er utruleg glad for å få denne muligheten, og for at næringsrådet ser viktigheten av meir målretta arbeid mot dei yngre i næringslivet vårt, fortel Mari. -Eg brenn for at næringslivet på Bømlo skal fortsetja å vera framtidsretta og endringsdyktig, og då må ein driva kontinuerleg kompetanseutvikling. Ein viktig del av dette arbeidet er å sørga for at fleire utflytta bømlingar kjem heim att med gode erfaringar og utdanningar i bagasjen, og at me skaper eit fagleg og sosialt fellesskap for dei som allerede jobbar her, på verdas beste øy.

Arbeider for å få til eit sjølvfinansiert næringsråd

Å sikre nok midlar inn i næringsrådet til å ha ein fulltids stilling, er krevjande, og ei utfordring dei fleste næringsråd deler. I 2020 søkte difor næringsrådet koronamidlar for å få gang på ei fulltidsstilling i næringsrådet. I søknaden sto det mellom anna:

«…Bømlo næringsråd søkjer difor midlar for å rigge foreininga med tilsette som skal utvikle næringsrådet <…>, og som har kompetanse på prosjekt- og endringsleiing. Tanken er at næringsrådet blir ein foreining der etablerte medlemsbedrifter kan kjøpa tenester i høve prosjektstøtte og endringsleiing til sine organisasjons- og næringsutviklingsprosjekt. Overskot av tenestesal skal gå til drift av næringsrådet, saman med medlemskontingent frå medlemmane. Målet er at næringsrådet skal vere sjølvfinansiert med eigne inntekter. Ein positiv tilleggseffekt av dette, er at dei som vert tilsett i næringsrådet vil gjennom arbeid for medlemsbedrifter heile tida ha ein fot ute i det verkelege livet.».

Sjølv om ein fekk støtte frå kommunen i 2020, måtte dagleg leiar arbeide 50 % som prosjektleiar i ei medlemsbedrift, samstundes som ho dreiv næringsrådet og klynga på Rubbestadneset (NMEC). – Bømlo Næringsråd har meir enn 200 medlemsbedrifter fordelt over 24 ulike næringsområde. Så det å drive eit så stort næringsråd, samstundes som ein er 50 % leigd ut til prosjekt for å sikre pengar til drifta, er krevjande. Mykje av arbeidet handlar om å møte, støtte, samle og koordinere medlemsbedrifter, og då må ein ha tid til å treffast og følgje opp.

- I 2021 var me heldige og fekk innvilga ein større pott med midlar frå det kommunale næringsfondet, samt at me fekk på plass hovudsamarbeidspartnarar som bidrar med midlar inn i drifta, i tillegg til medlemskontingenten. Dette gjer det mogleg å drive næringsrådet fulltid, fortel Ingvaldsen. - Men denne støtta har me berre i tre år, og me kan ikkje basere drifta av næringsrådet med at kommunen skal støtte med eit fast beløp etter desse åra er omme, fortel Ingvaldsen. – Difor såg me no moglegheita til å auke bemanninga i næringsrådet med ein person når me fekk eit større prosjekt om bord.

Prosjekt om straum og infrastruktur til kommunen

Prosjektet Bømlo Næringsråd er leigd inn til, er ein forstudie hos Finnås Kraftlag, der ein i hovudsak skal finne vegen vidare for å få nok og rett infrastruktur på plass til næringslivet i kommunen når det kjem til straum og nettkapasitet. Prosjektet tek om lag 60 % av tida til dagleg leiar. I tillegg skal ho følgje opp oppgåver knytt til vassituasjonen på oppdrag frå BVA, og er òg vidare leigd ut som dagleg leiar til NMEC.

- Prosjektet hos Finnås Kraftlag varer fram til sommaren, og etter dette vil me sjå oss om etter fleire oppdrag. Aller helst oppdrag som gjeld større delar av næringslivet på Bømlo, eller oppdrag som handlar om å utvikle næringslivet i regionen i samarbeid med kommunane rundt oss. Målet er at me har nok inntekt til å finansiere halvanna stilling gjennom sal av tenester. På denne måten gjer me næringsrådet uavhengig av den kommunale støtta når stønadsperioden er omme i 2024, fortel Ingvaldsen, som lovar at det skal vere minst like mykje aktivitet i næringsrådet framover, sjølv om ho er oppteken med eksterne prosjekt ein større del av tida. – Mari kjem til å hjelpe meg med å halde trykket oppe i den daglege drifta, og Heidi blir framleis med vidare som koordinator. Så dette blir bra, seier Ingvaldsen til sist.

Sjå alle nyhende