Ny kommunikasjonsstrategi for Bømlo Næringsråd

bilde
Foto: Felipe Furtado, Unsplash

Bømlo næringsråd har utarbeida ein ny kommunikasjonsstrategi for næringsrådet, for å gjere arbeidet betre og tydelegare ut mot ulike målgrupper. - Fokuset har vore å nå flest mogleg gjennom ei tydeleg merkevare, fortel prosjektleiar Mari Pedersen Totland.

Snart er det to år sidan årsmøtet til Bømlo Næringsråd vedtok å tilsette ein dagleg leiar i full stilling. Leiaren kom frå klynga på Rubbestadneset, NMEC, og har sidan den gongen drive næringsrådet, og vore utleigd til NMEC som dagleg leiar.

- I NMEC hadde me aktivitet i sosiale mediar, både på Facebook og LinkedIn, medan næringsrådet ikkje hadde særleg aktiviet på sine kontoar, fortel dagleg leiar Nina Ingvaldsen. - Etter snart to år med ansvar for sosiale mediar både for NMEC og Bømlo Næringsråd, såg me eit behov for å forenkle og effektivisere kommunikasjonen, og desse innspela har Mari teke med seg inn i arbeidet med kommunikasjonsplan.

Framover vert det berre Bømlo Næringsråd

Å halde liv i fleire sosiale medie-kontoar er tid- og kostkrevjande. I tillegg er det dei same sakene som vert delt i dei same kanalane, og det viser seg at det òg er dei same personane som følgjer begge sider, som liker sakene.

- Me har i kommunikasjonsplanen vår lagt opp til at me berre deler saker på ein kanal på Facebook og ein på LinkedIn. For at det skal bli søkbart det som skjer på Rubbestadneset og NMEC, merkar me heller saker som gjeld denne klynga med #rubbestadneset og #nmec. Då kan følgjarar berre følgje Bømlo Næringsråd, og så kan dei enkelt få med seg om saka handlar om NMEC. Me legg opp til å merke saker frå Langevåg med #5443 og #langevåg, og tilsvarande frå andre stader i kommunen, seier Mari.

Samle kommunikasjon rundt næringslivet på Bømlo

Gjennom kommunikasjonsarbeidet ønskjer Bømlo Næringsråd å halde medlemsbedrifter, lokalbefolkning, lokale, regionale og nasjonale politikarar orientert om kva som rører seg i næringslivet på Bømlo. - Ved å samle informasjonen om alt som skjer på Bømlo gjennom same kanalar i sosiale medium, vil det vere enklare for folk i og utanfor kommunen til å få eit overblikk over alt som skjer, og næringsarbeidet vil bli styrkja, fortel Mari til sist.

Hugs å følgje oss! :)

Sjå alle nyhende