Noregs hyggjelegaste elektriktar

bilde
Foto: Mari Helland er styremedlem i Montørjentene, ein interesseorganisasjon med støtte i El- og IT-forbundet, som har som målsetnad å rekruttere og å halde på kvinner i elektrobransjen.

Mari Stormark Helland vart laurdag kveld kåra til Noregs hyggjelegaste elektrikar!

Bømlo hadde to handverkarar med i finalen, Mari Stormark Helland frå Teca og Gorm Eidesvik frå LOS Elektro. To flotte og dyktige representantar frå Bømlo, som begge nådde heilt til finalen i denne nasjonale kåringa - noko som må seiast å vere ein siger i seg sjølv.

For dei som ikkje kjenner til det, er Norges Hyggeligste Håndverker handverksbransjen si største og viktigaste kåring, som fokuserer på dei positive historiane, løftar fram gode rollemodellar, og håpar å inspirere ungdom til å velgje yrkesfag.

Me gratulerer Mari med topplasseringa, og ønskjer ho lykke til vidare i jobben sin.

Sjå alle nyhende