Mari jobbar for fleire kvinner til elektrofag

bilde
Foto: Mari Helland er styremedlem i Montørjentene, ein interesseorganisasjon med støtte i El- og IT-forbundet, som har som målsetnad å rekruttere og å halde på kvinner i elektrobransjen.

Ho synest (sjølvsagt) det er kjempekjekt å bli nominert som Noregs hyggelegaste handverkar. Men det er langt alvorlegare saker Mari Helland frå Teca er opptatt av i det daglege. Mellom anna i Montørjentene.

Frå toppen av Solhøgda i Rubbestadneset er det vidt utsyn. Her bur Mari Helland førebels, med mann og to barn. – Me er på flyttefot, har nett kjøpt oss hus rett i nabolaget, fortel Mari Helland. Frå terrassen ser ho heim til Fitjar, der ho er fødd og vaks opp. Ho hadde lyst å bli tømrar, men fekk problem med å få læreplass. – Det var vanskeleg å få læreplass som jente. Dette var i 2004, og mykje har heldigvis endra seg på dette området sidan den gongen.

Nybygg og service

Dermed måtte ho setja ny kurs og etter litt ulike jobberfaringar nokre år kom ho til Bømlo som servitør på utestaden Rett Vest på Svortland. Utestaden vart lagt ned, og det var då tanken om elektro dukka opp. Ho søkte seg til Rubbestadnes Vidaregåande, og 34-åringen vart ferdig utdanna elektrikar med fagbrev i 2019. Då hadde ho også mann og to små barn, hus og heim. – Eg gjekk nokre rundar med meg sjølv i forkant, men angrar ikkje, seier ho. 

Ho fekk først elektrikarjobb i dåverande Apply, men etter ulike fusjonar og oppkjøp er ho no tilsett i Teca. – Eg jobbar med nybygg og service, altså legg opp straum i nye hus og driv vedlikehald. Spesielt her på Bømlo, men eg har også vore på Stord, fortel Mari Helland. Ha har mykje å gjera. 

– Det har mellom anna vore mykje oppgraderingar no dei to siste åra, me har hatt det kjempetravelt under pandemien. Folk har brukt pandemiåra til å pussa opp, noko som har gitt mykje arbeid for oss. Men me ser også at mange byggjer nytt, og det kjem stadig nye oppdrag, seier elektrikaren. 

Montørjentene

I 2012 vart eit eige utval sett ned i Elektroarbeidernes Fagforening Vestland som skulle jobba for at elektroyrka skulle tilpassast betre til kvinner: Montørjentene. - Konseptet er eineståande i landet i sitt slag, i og med at dei har sitt utspring i ei fagforeining. Her er fleire ulike og liknande interesseorganisasjonar, men dei må syta for finansieringa sjølv. Me er finansierte gjennom fagforbundet vårt, fortel Helland. På Frifagbevegelse.no kan me lesa om korleis ho møtte Montørjentene første gangen. Det skjedde allereie første dagen som lærling, etter at ho hadde fått utdelt arbeidstøy, vore gjennom eit FSE-kurs og hatt møte med ulike personar i bedrifta. Då kom kollega Henriette Thorsen inn og bad alle jentene om å bli med og dei fekk ei orientering om Montørjentene, og kva dei kunne venta seg å oppleva og om kor dei skulle venda seg om ulike ting skulle dukka opp. Thorsen er i dag styremedlem i Montørjentene. Helland vart valt inn i styret i 2020.

Målet med organisasjonen er å rekruttera fleire jenter til yrket, og ikkje minst å behalda dei i yrket. Det er mange som fell frå, av ulike grunnar, seier Mari Helland. For det er framleis forskjellsbehandling, det er kritikkverdige garderobeforhold på arbeidsplassane, det går på arbeidsklede/-sko som er tilpassa menn, det har med gamle og utdaterte kjønnsroller å gjera, og at kvinner oftast er i mindretal på ein arbeidsplass. Montørjentene er eit lågterskel-tilbod viss noko skjer. Me får ein del henvendingar, men det har skjedd ei klar betring av tilhøva dei siste åra, forklarar montørjenta. Ho nemner som ein viktig milepåle for dei at dei i 2021 har fått inn i tariffavtalen at kvinner skal ha separat garderobe/toalett med eigen inngang på ein arbeidsplass, det har me ikkje hatt før, seier ho. Det må likevel vera eit visst tal kvinner på arbeidsplassen for at denne regelen skal gjelda. Men det vert i forhandlingane som pågår no, jobba med å få bort den klausulen.. Det er viktig for oss kvinner. Det er jo slik at me kvinner gjerne har behov for vårt eige toalett og tilgang til ein garderobe med jamne mellomrom, så dette er bra, slår ho fast. Men det skal vera gode garderobetilhøve for både jenter og gutar
uansett.  No er det tilpassa arbeidstøy og ikkje minst –sko som står på agendaen. Når det kjem til arbeidstøyet får dei stadig kommentarar som at «me driv ikkje i motebransjen» og at «det betyr ikkje noko korleis me ser ut». – Men det er ikkje mote det er snakk om. Me går rundt med mykje tungt utstyr i lommene, og då er det viktig at arbeidstøyet passar. Når det gjeld arbeidssko er det slik at menn og kvinner har ulik for på føtene. Menn sine føter er til dømes breiare og annleis bygde under sålen. Om kvinner må gå i sko laga for menn kan det føra til feilstillingar og belastingsskader. Så det er definitivt ikkje for utsjånaden me jobbar, men for betre tilpassa arbeidstøy, det er for helsa, og rein HMS, slår ho fast.   

Eigen snap-kanal

For å nå ut til flest mogeleg unge har Montørjentene sin eigen snap-kanal. Det er sju jenter som rullerer på å sende på kanalen. – Me brukar snap-kanalen til å dele ting frå arbeidskvardagen vår og frå yrkesmesser og standar. Folk kan henvende seg til oss, også anonymt, via snap-kanalen med spørsmål og problemstillingar som dei ynskjer å ta opp, seier Helland. Dei får henvendingar frå heile landet, og har også hatt ein gjest frå Sverige på snap-kanalen. «Montorjenter» er namnet. Møntørjentene er også på andre sosiale medier som Facebook og Instagram, fortel ho. 

Du bestemmer retninga sjølv

Helland har ikkje heilt talet, men peikar på at her er ein god del kvinnelege elektrikarar i Bømlo. I samband med 10-årsjubileet for Montørjentene skal dei snart arrangera ein konferanse i Bergen om nettverksbygging. Dei håpar å bidra til at fleire regionar i El- og IT-forbundet kan få liknande nettverk opp og gå. – Me skal også ha stand på Eliaden, den store elektromessa, seinare i år. Me har fått ein veldig god standplass, og håpar å nå mange med informasjonen vår, seier Mari Helland. Dei driv elles med skulebesøk, står på yrkesmesser og held foredrag for å nå ut med bodskapen om yrket. Ho meiner det er viktig å nå ut til ungdommane, og meiner det er mange fordelar med å velje yrkesfag generelt og då gjerne elektro spesielt. – Kva vil du seie om dette til ein niandeklassing som snart skal velja yrkesveg? – Oj, det er fleire ting. Dei vil få lågare studiegjeld, mellom anna fordi dei kjem tidlegare i jobb. Det er kort veg til meistringskjensle og med jobb kan du komma fortare inn på bustadmarkanden. Og så er det så mange muligheter, elektrikarar er det behov for i ei lang rekkje yrke,  slår ho fast. – Har du stått i ein fysisk jobb nokre år og kjenner at det røyner på helsa, har du mulighet til å utdanna deg vidare i vaksen alder. Og så må dei tenkje på at det er dei som skal ha denne jobben, ingen andre. Har du lyst, har du lov, oppmodar Mari Helland. 

Noregs hyggelegaste?

Så til nominasjonen Noregs hyggelegaste handverkar. Blant alle dei nominerte mennene er det eit fåtal kvinner, og blant dei er Mari Helland. I skrivande stund torsdag 28. april har ho fått 337 stemmer, og ligg på fjerdeplass. – Ja, med fare for å vera veldig sjølvsentrert, så synest eg det er kjempekult å bli nominert, klart eg gjer det, vedgår ho. Den 10. august vert det valt ut tre finalistar i kategoriane malar, elektrikar, røyrleggjar, snekker/tømrar, mur/betong, lærling og andre bransjar. – Det hadde vore veldig kjekt om eg kom til denne finalen, seier ho med glimt i auga. Så no veit me kva som må gjerast, stem i veg!! 

Sjå alle nyhende