Næringsrådet på besøk hos Joker Finnås

bilde

I januar hadde næringsrådet styremøtet sitt hos Joker Finnås. Styremøtet vart halde i bedehuset, og i forkant fekk me omvisning på både Telegrafstasjonen og Kanalvaktarbustaden. Idar Larsen starta deretter med å fortelja litt om butikken, som i 2019 vart kåra til årets Joker-butikk i konkurranse med 470 andre butikkar i kjeden, til eit lyttande styre.

Joker Finnås er Bømlo si eldste bedrift, og Idar Larsen er femte generasjon som driv butikken. Bedrifta er oppteken av å vere i utvikling og halde seg relevant, og Larsen fortalde styret om grep gjort opp gjennom åra.

På 60-talet flytta dei seg frå kaien og opp til vegen, for å møte den endringa det var at folk då starta å flytta seg meir med bil på land, enn båt til sjøs.

I 2024 handlar det om å vere energieffektive, slik at ein kan halde tritt med kostandsutviklinga i ein knallhard daglegvarebransje. Som følgje av dette totalrenoverte dei butikken i 2018. Alt nytt innvendig, CO2-anlegg og solceller på taket. Til saman har det kosta nær 7 MNOK i investeringar, men det har svara seg relativt kjapt. Før straumkrisa traff, hadde butikken redusert forbruket med 50 000 kWh i året. No tek dei sikte på å produsere 50 000 kWh straum i året sjølv, noko som reduserer utgifter.

- Me synes det er trist at det ikkje er mogleg å få ENOVA-støtte til investeringa me har gjort med solceller på taket, fortel Larsen. - Hadde slike ordningar vore på plass, er eg sikker på at langt fleire hadde gjort det same, og bidratt til å redusere lasta på nettet og redusert behovet for kraft. For oss vil det dekke 1/3 av forbruket, og alle investeringane samla har gitt oss eit redusert straumforbruk over nettet med 40 %.

Larsen fortalde vidare at sjølv om dei var ein liten butikk, har dei alt av tekniske løysingar. Daglegvarebransjen er beinhard, men dei klarar å levere gode resultat og har ein sunn økonomi, til trass for tøff konkurranse. Joker Finnås har mål om å vere Bømlo sin beste arbeidsplass med mest nøgde tilsette, og tel 15 stykk inkludert studentar og ringevikarar. - Me har eit godt arbeidsmiljø opplever eg i dag, og det er faktisk ingen av dei fast tilsette som har slutta sidan 1999. Det er me stolte av, seier Larsen.

Framover har Larsen framtidsvon for både butikken og lokalsenteret Finnås. Han ser føre seg nye campinghytter på Kulleseidkanalen Gjestehavn, nytt kaiskjørt, ny veg, ny Våge skule og fantastiske bustadområde med sjø overalt. - Det er ikkje så mykje næring på Finnås, men ein fantastisk god stad folk kan bu, og lett komme seg rundt til alle arbeidsplassar i kommunen og regionen. Det er eit rikt lag- og organisasjonsliv, og det er gledeleg at Finnås Sportsklubb aukar i tal på medlemmar og aktivitet, fortel Larsen.

Styret til næringsrådet fekk og moglegheita til å oppleve nokre av sjåverdigheitane på kanalen denne torsdagen, og fekk omvisning både på Kulleseid Telegrafstasjon og Kanalvaktarbustaden. - Dette er flotte attraksjonar, med gode uteområde ned mot kanalen, som òg med fordel kunne blitt løfta meir fram og gjort enno meir tilgjengelege for tilreisande og fastbuande framover, seier styreleiar Lauritz Eidesvik etter omvisninga.

Me takkar for at me fekk komme på besøk, og bli betre kjende!

Sjå alle nyhende