Familiebedrifta på Kanalen

bilde

Bømlo Næringsråd svingar innom Joker Finnås ein tysdag føremiddag. Her møter me Idar Larsen, som til nyttår tek over drifta aleine, etter å ha drive saman med onkelen sidan 1999. – Her på kanalen skal me fortsetje å vere offensive og stå på for fullt framover, og vere med å utvikle Finnås og Bømlo vidare.

Joker er einaste daglegvarebutikken mellom Langevåg og Svortland, og er eit servicesenter med daglegvarer, tipping, rikstoto, bingoblokker, pakkeutlevering for Posten, Post Nord og Helt Hjem. Hausten 2018 og vinteren 2020 pussa dei opp for 6 millionar kroner. Først totalrenovering av butikken, og deretter nytt kjøken, toalett og møterom. – Det er sjeldan at daglegvarebutikkar har så fine opphaldsrom i bakkant som det me har. Fokuset er ein fin butikk, og det som viser til kundane våre. Men me synes det er kjekt å tilby dei tilsette trivelege lokale å opphalde seg i når dei har pause eller driv med lager- eller kontorarbeid, fortel Larsen.

Bømlo sitt eldste firma

Idar Larsen har jobba fulltid i bedrifta sidan 1999, og er femte generasjon Larsen som driv daglegvareforretning på Kanalen. – Dette er eitt av Bømlo sine eldste firma, med uavbroten drift sidan 1883, og framleis i familien, seier Idar. I dag er det 14 tilsette. Fire vaksne og ti ungdommar, som til saman utgjer 6 årsverk. Dei fleste bur i og rundt Finnås, og elles er det eit par som går på skule i Bergen og er heime og arbeider i ferie og helgar.

– Det å ha så mange ungdommar i jobb er noko me er stolte av. Me gjer dei verdifull arbeidstrening, og me får positiv, engasjert ungdom på jobb. Dei er svært flinke, og får mykje ansvar tidleg. Me ser dei veks og utviklar seg, og det er kjekt å følgje med dei – At me har vidaregåande skule lokalt og høgskule berre ein biltur unna, er kjempeviktig når det gjeld å få arbeidskraft til butikken, og det er viktig at folk kan bu på Bømlo medan dei utdannar seg, seier Larsen. – At unge kan komme heim å jobbe i helgar og feriar, aukar nok òg sannsynet for at dei flyttar heim att etter fullført utdanning.

Møteplassen

Daglegvareforretninga har laga til eit kaféområdet der ein går inn i butikken. Her kan kundane få seg ein kopp kaffi, og mange handlar med seg ein pose med dei populære kanalbollane. –Kaféen er ein sentral møteplass i bygda, og i tillegg er folk frå heile øya faste gjester i kaffikroken her hos oss. Det er ein viktig møteplass i nærmiljøet, og særleg for dei som kanskje ikkje kjem seg så langt, seier Larsen.

– Finnås er ei god bygd og bu og leva i, me er midt mellom alle dei store arbeidsplassane i kommunen, i tillegg til at me har fleire bedrifter i nærområdet, frå Montér i nord til Gullvegen Gardstun i sør. Me har ein god og trygg barnehage og barneskule, og når ungane startar på ungdomsskulen, vert dei kjende med mange trivelege ungdommar frå andre stader i kommunen. Og så er det jo utruleg flott alt det som skjer på Kulleseidkanalen Gjestehamn.

– På Bømlo er ein opptekne av at me skal satse på delsenter. For Finnås sin del, er det svært viktig at kommunen prioriterer midlar slik at bygda her kan fortsetje å utvikle seg i takt med alt det positive som skjer både her og nord og sør i kommunen, seier ein engasjert Larsen. – At det blir lagt til rette for bustadbygging, næringsutvikling, og ikkje minst ein fortsatt trygg og god barnehage og skule.

Å bidra lokalt

– I tillegg er eg oppteken av at me bømlingar må dra saman. Bruke kvarandre og handle lokalt. Me på Joker Finnås er veldig bevisst på dette. Når me pussa opp, var det til dømes berre lokale firma som var inne på anbodslista. Og så er me opptekne av å gje tilbake av det som folk gjer til oss.

Joker Finnås brukar nemleg 0,5% av omsetninga, om lag 100 000 kr i året, til sponsing av lag- og organisasjonar. Motocross, husmorlag, korps, idrettslag, bedehus, husflid og så vidare. Og ikkje minst den populære, maritime marknaden Kanaldagane. – Finnås er det minste delsenteret i kommunen. Ei lita, men levande bygd, med eit rikt organisasjonsliv. Me er vanvittig stolte å få vere med å bidra til dette rike aktivitetslivet, og det at folk handlar her, gjer at me kan vere med å bidra lokalt.

Og med ein pose kanalbollar i handa, takkar Bømlo Næringsråd for intervjuet, og ser fram til å følgje reisa til ei av Bømlo sine eldste bedrifter vidare.

Sjå alle nyhende