Næringsrådet si høgre hand

bilde
Foto: Heidi Iren Vespestad Halleraker. Foto: Privat.

Nyleg gjekk ein stor næringskonferanse i regi av Bømlo næringsråd av stabelen i kulturhuset, der vel 100 næringslivsfolk i kommunen vår var samla til foredrag og felles middag. Slike arrangement gjer seg ikkje sjølv. Det er mykje praktisk arbeid som må gjerast før ein ynskjer velkommen.

Lokale skal bestillast, avtalar skal gjerast, mat og drikke skal ordrast, invitasjonar skal sendast ut, påmelding skal takast i mot og gåver skal fiksast, blant anna. Heidi Vespestad Halleraker har hatt ei slik rolle for Bømlo næringsråd i mange år, samt tatt seg av andre administrative oppgåver. – Det er sjølvsagt Nina (dagleg leiar) som hentar inn foredragshaldarar og som har det overordna ansvaret, men eg er med og hjelper til, forklarar Heidi.

Ho fortel at det var dåverande leiar i Bømlo næringsråd, Gitte Talmo, som nærmast «headhunta» henne som sekretær i 2012. – Næringsrådet vart oppretta i 1988, og har stort sett vore drive på dugnad. Eg vog både for og imot då eg vart spurd, men kom fram til at eg skulle våga meg på jobben. Me dreiv jo Auto Service AS saman, Lars Magne og eg, men eg tenkte det kunne vera greitt å ha noko utanom, seier Heidi.

Ho slår fast at det har vore både lærerikt og interessant å vera medspelar i næringsrådet. – Det har vore styremøte, konferansar, frukostmøte opp gjennom, og eg tek av meg hatten for all den kunnskapen og det engasjementet som næringslivet viser. Det er gjort ein enorm dugnadsinnsats av dei som har site i styret. Næringsrådet vart omstrukturert i 2020, og det vart tilsett dagleg leiar. Også dei siste par åra har eg lært mykje, seier ho. – Særleg har eg lært mykje av dagleg leiar Nina Ingvaldsen. Ho er svært kunnskapsrik, ein kjempekapasitet for næringsrådet og levande oppteken av næringslivet og samfunnet på Bømlo, seier Heidi

Heidi syntest det var kjekt å vera med og arrangera den store næringskonferansen. - Eg fekk også dra stor nytte av erfaring som medarrangør av SunnPodium. – Det er viktig å samlast, og å heia på kvarandre. Me må handla så mykje me kan her lokalt, og me har eit godt utval varer og tenester her på Bømlo, seier Heidi, og ser fram til fleire spanande oppgåver for næringsrådet framover.

Sjå alle nyhende