Møte med Gina Digernes ein ekte Gründer og Bonde med Hjarte for Lokalmat
Ho driv saman med familien gard på Vornes og i Bråtaneset, har starta lokalmat butikk, det har vert ei inspirerande reisefortel Gina Digernes.
Gina Digernes (43) er ei driftig kvinne som verkeleg har fått mykje ut av dagane sine. Sidan 2018 har ho vore ferdigutdanna gartnar er DEBIO sertifisert og
teke over drifta av drivhuset på Vornes, der foreldra hennar, Tove Britt og Kjell Erling Digernes, framleis er aktive og engasjerte i kvardagen. Med tre born på 5, 11 og 16 år, og ein mann som arbeider i Nordsjøen, har Gina aldri eit kjedeleg augeblikk.
På Vornes har Gina satsa på dyrking av økologiske urter og grønsaker. Saman med mannen sin driv ho også garden på Bråtaneset, der dei har ein flokk med høylandsfe. Kjøtet frå dyra sel ho både i Rekoringen og i sin eigen butikk på BømloStorsenter. Butikken held jamleg ope kvar torsdag og stort sett kvar laurdag gjennom heile året.
Butikken til Gina er blitt eit samlingspunkt for dei som set pris på rein og ekte mat. Her finn ein eit breitt spekter av lokalprodusert mat, der dei fleste produkta er økologiske, reine og fri for unødvendig prosessering. Gina er òg opptatt av miljøet, og tilbyr
vaskemiddel utan kjemikalier, samt at ho jobbar for å unngå plastemballasje på varene sine. Ho fortel at det er ein aukande trend der folk vel rein og
naturleg mat, og det er stadig fleire som vil styre unna ultraprosessert mat.
Denne jula har vore ekstra travel for Gina. Julehandelen har vore særs god, og ho har seld mange eksemplar av boka om Kristian Eidesvik. Dessutan har ho levert ei rekkje bedriftsgåver til ulike firma på Bømlo, og ho merkar at fleire og fleire får augene opp for butikken på småbruket hennar. Det er liten tvil om at Gina har lykkast med å kombinere lidenskap for lokal mat, entreprenørskap og eit sterkt samfunnsengasjement.
Gina Digernes er eit levande bevis på at
det går an å følgje draumane sine, vere kreativ og samtidig gjere ein skilnad for nærområdet og miljøet. Med sitt engasjement er ho blitt ei viktig drivkraft
for lokalmat og berekraft i Bømlo.
Heimesida til Sikje småbruk er; Sikje.no