Matre Maskin AS, ein viktig del av Firenord International
Det er ein opplagt og engasjert Tommy
Esperø som saman med HR-leiar Solfrid Sønstabø Stavland tek imot underteikna og
styreleiar i Bømlo Næringsråd på bedriftsbesøk.
Matre Maskin AS
Selskapet vart etablert i 1953 og har i dag 32 ansatte fordelt på 8
nasjonalitetar med arbeidarar frå blant anna Portugal, Iran, Russland og India.
Matre Maskin AS vart kjøpt opp i fjor
sommar og er no ein del av eit større konsern som satsar tungt i Asia, fortel
Esperø. Firenor International har ca 170
tilsette, 100 jobbar i Norge(Bømlo og Kristiansand), 60 i Dubai og 10 i Kina.
Matre Maskin er ein verdsleiande
leverandør av spesialiserte produkt og system for aktiv brannslokking til kundar
over heile verda særleg innan energisektoren, og har dei seinare åra opparbeida
seg ein posisjon innan havvind. Selskapets hovudprodukt er brannslokkingssystem
for helikopterdekk og prosessanlegg. 70 % av utstyret som vert produsert hjå
Matre Maskin vert eksportert ut av landet, fortel Esperø.
Det at me no er komen inn i eit større
selskap gir oss tilgang til nye marknader og med det styrkar me selskapet og
ikkje minst sikrar arbeidsplassane lokalt på Bømlo.
Esperø er fornøgd med lokaliteten i
Brubakken. Tomta er stor og det er moglegheiter for å utvide på sikt.
Miljøvenleg.
Matre Maskin har eigen test-lab for testing
av skum-system, eit miljøvenleg service-tilbod for kundane. Ein har investert i
eigne tankar og moglegheit for gjenbruk av vatn. Eksempel på bidrag til
besparing på både miljø og kostnadar.
Test-laben er populær og vert nytta av blant
anna klasseselskap og større energiselskap som kjem til Brubakken for å teste
produkt, løysingar og metodar.
Ein globalt anerkjent test-lab av høg teknisk
standard som Matre Maskin er stolte over.
Tilflytting og utvikling av nye talent.
HR-leiar Soltrid Sønstabø Stavland er
oppteken av rekruttering, kompetanse og tilflytting. Ho fortel at det er
vanskeleg å få tak i ingeniørar innan maskinfag. Nyleg har ein fått ansatt ein
indisk ingeniør som har flytta til Bømlo saman med familien. Ho er oppteken av
at han og familien skal verta integrert og få tilpassa seg livet på Bømlo.
Me treng å utvikle fleire talent, fleire
unge som kan ta mekanisk utdanning, seier Stavland. Ho er også svært glad for
at VG2 linja i industri-mekanikarfaget vart berga for skuleåret 2025/2026. Me
som arbeidsgivarar må gjera det meir attraktivt og vera flinkare å selje oss
inn slik at ungdomen får høyre om moglegheitene som finnes for gode og spanande
jobbar i vår bransje her på Bømlo.
Bømlo næringsråd takkar for god mottaking
og ynskjer den over 70 år gamle bedrifta lukke til vidare.