Maria Bos kjem, og tek med seg ein gjeng - kjem du med din? Meld deg på konferansen 10. november!

bilde
Foto: Dagleg leiar Maria Bos i Plug. Fotografi: Bergens Tidende / Fred Ivar Utsi Klementsen

Maria Bos er CEO for Plug, selskapet som legg til rette for landstraum i Bergen havn. Dei siste åra har ho arbeida tett med fleire bedrifter frå Bømlo, for å lukkast med å få Plug til å bli leiande på lading og landstraum i hamner.

På konferansen 10. november får du lære meir om Plug, og høyre meir om kva Ilder, Zinus og LOS Elektro har bidratt med på satsinga i Bergen hamn.

Ikkje gå glipp av dette innlegget, der du får eit innblikk i kva samarbeid mellom lokale bedifter gjer for det grøne skiftet! Kanskje får de med dykk heim gode idear, eller tankar om nye samarbeid? Meld dykk på konferansen her, eller send påmelding til post@bomlonr.no.

Frå Ilder kjem gründer og PhD Tor Gjøsæter, teknisk sjef Finn Inge Langeland frå Zinus og dagleg leiar Oddgeir Alvsvåg frå LOS Elektro.

Sjå alle nyhende