Langevåg 2050

bilde

Sist torsdag presenterte Aslaug Tveit i LÈVA Urban Design innspel til kva ein bør jobbe med på Langevåg for å få lukkast med tilflytting framover. - Gjer ein dei rette tinga, i tillegg til dei store næringslivssatsingane ein har i bygda no, meiner me det er potensiale for 1 355 innbyggjarar på Langevåg i 2050, fortalde Tveit dei 120 frammøtte på bygdatunet kvelden.

Det er næringslivet på Langevåg som har finansert ein moglegheitsstudie der desse innspela er løfta fram, i tillegg til ei brei kartlegging av kva ein har, og kva som skal må gjerast, for å legge til rette for meir tilflytting. På folkemøtet på bygdatunet vart det lagt fram alt frå tal på innbyggjarar i dag, aldersfordeling, endring av forholdet mellom eldre og yngre siste åra, kartlagt tal på bustader og kor mange nye bustader ein har behov for i 2050 når folketalet har vakse med 36 %.

Fleire mindre bustader

I moglegheitsstudien har ein rekna seg fram til at ein treng omlag 85 nye bustader i 2050. Samstundes vert det peia på at det må meir variasjon i bustadtypar, og det bør byggjast fleire leiligheiter. LÉVA peika på at det i dag nesten berre er einebustader på Langevåg, dei fleste over 120 kvm, og berre 3 % leiligheiter til unge nyetablerarar eller eldre som ønskjer ein lettare kvardag.

- Skal Langevåg tiltrekka seg unge som vil flytte heim igjen, eller unge tilflyttarar, må det lagast rimelege leiligheiter dei kan flytte til, fortalte Aslaug frå scena. - Me må òg legge til rette for bufellesskap for eldre som ønskjer å flytte ut av einebustadane sine, til ein pris dei kan leve med, og på denne måten gjere dei tilgjengelege for småbarnsfamiliar som kan tenkje seg å bu i einebustader på Langevåg som ikkje kostar mangfaldige millionar. Det er det ikkje alle som har råd til, og det å bygge nytt i dag er svært kostbart.

Eit levande Langevåg sentrum

Ein gjennomgåande kommentar frå LÉVA denne kvelden, var at bustader og arbeidsplassar er viktig, men det er ikkje nok for å lukkast med tilflytting. Med nye gode vegar internt på Bømlo, og opprusting av Tjernagelvegen i Sveio, vert avstanden og kortare å pendle til Langevåg både i Sunnhordland og på Haugalandet. Flyttetrenden er at fleirtalet av folk ønskjer flytte til stader med meir urbane kvalitetar, det må me forholde oss til om me vil bli fleire, og då må Langevåg utvikle sentrum til å bli ein meir sentral møtestad i bygda.

- Me forslår mellom anna å flytte biblioteket frå skulen til bygdatunet, ruste opp kafeen til å bli eit lokale folk har lyst å henge i, og lage til eit moderne kontorfellesskap på bygdatunet, gjerne i samband med eit overnattingskonsept, fortel Tveit. - I tillegg foreslår me fleire bustadfelt i sentrum med alt frå mikrohus til bustadgrend, og prosjekt som kanskje er litt meir grensesprengande, som å grave ut ein kanal frå Kåso til Eidesvik.

Vegen vidare

- Innspela i arbeidet her på Langevåg vil me ta vidare inn i planarbeidet til kommunen, og få forankra ambisjonane me har for bygda vår der, fortel Erling Lodden, som har vore leiar for styringsgruppa for moglegheitsstudien lagt fram denne kvelden. - Me vil òg etablere ein god handlingsplan for kva aktivitetar og prosjekt me må gripe fatt i framover, og sjå på korleis me organiserer oss vidare for å følgje opp arbeidet vidare. Me treng strukturert og målretta arbeid skal me lukkast med tilflytting og eit meir levande Langevåg sentrum, seier Lodden. - Eg gler meg til å få fleire nye sambygdingar i åra som kjem, og me skal ta godt i mot dei som flyttar hit!

Overføringsverdi

Moglegheitsstudien på Langevåg er eit arbeid gjort i forlenginga av den overordna tilflyttarstrategien som vart lagt fram på Bømlakonferansen 2023. Slike moglegheitsstudier burde absolutt blitt gjort i dei andre lokalsentra og i kommunesenteret i tillegg, meinar Tveit. - Bømlo er éin kommune, og for å lukkast, må alle lukkast. Både lokalsenter og kommunesenter. Klarar ein å dra i lag, er eg trygg på at ein vil kunne auke folketalet og tal på unge tilflyttarar til kommunen i åra framover, seier Tveit til sist.

Sjå alle nyhende