Korleis sikre deg dei flinke folka?
Korleis sikre deg dei flinke folka?
Dette var temaet på frukostmøtet som Bømlo
Næringsråd saman med Bømlo Opplæringskontor, Rettleiingstenesta, Nav Bømlo og Bømlo Vaksenopplæring arrangerte onsdag 4. mars.
Dagleg leiar i BN, Ragnfrid Sønstabø orienterte om den rekordlåge arbeidslausa i Sunnhordland. Skal me lukkast som samfunn framover så treng me å få tak i meir arbeidskraft me må inkludera fleire, og få dei som står utanfor arbeidslivet i arbeid. I dag står 1 av 5 utanfor arbeidslivet, og slik kan det ikkje fortsette.
Kva er Bømlo Opplæringskontor?
Dagleg leiar i Bømlo Opplæringskontor Arnhild Tveita Larsen fortalte at BOK er eit fleirfagleg opplæringskontor som jobbar med fasilitering og tilrettelegging både for medlemsbedriftene og for lærlingen. Opplæringskontoret er eigd av
medlemsbedriftene og ikkje kommunen. Ho fortalte vidare at medlemsbedriftene er med å fokusera på kva opplæringskontoret skal ha fokus på, og at BOK er ein tredjepart for både lærling og bedrift. Bok er kontaktpunkt mellom fylkeskommunen og lærebedriftene.
Foto; BN Dagleg leiar i Bømlo Opplæringskontor Arnhild Tveita Larsen.
Rekruttering, rettleiing og oppfølging
BOK jobbar tett mot grunnskule, videregåande skule kommune og næringsliv. Bok fasiliterer og representerer bedrifter på ulike rekrutteringsarenaer, som yrkesdagen, bedriftsbesøk, utdanningsmessa, skulebesøk og open skule. I tillegg så arrangerer bok lærlingetreff fleire gonger i året, gir rettleiing til elevar, lærlingar, vaksne og foreldre.
Ein bistår i saker rundt opplæring i bedrift og har samlingar for bedrifter og instruktørar fleire gonger i året.
Kva verktøy/støtteordningar er tilgjengeleg for deg som arbeidsgjevar?
Asbjørn Mæland frå rettleiingstenesta i Vestland Fylke fortalte om fullføringsreforma som har som mål at ungdom og vaksne vert kvalifisert til å møte krava i videre utdanning og arbeidsliv slik at dei kan utvikle kompetansen sin heile livet.
Vestland fylkeskommune ynskjer å auke
gjennomføringsevna både for ungdom og for vaksne som er i læreforhold og dei som ventar på læreplass.
Lærlingar og lærekandidaar som står i fare
for ikkje å fullføre vidaregåande opplæring, skal kunne få støtte til å oppnå fagutdanninga si eller deler av ei fagutdanning.
Ein har som bedrift fleire moglegheiter til å søke midlar, som t.d utprøving i bedrift, ekstra personalressurs, tiltak som styrkar opplæringa der det er behov for å nå læreplanmåla, utvida
opplæringstid osv. Bedrifta kan søke om inntil to ulike tiltak i same søknad.
Foto; BN, Asbjørn Mæland, fra rettleiingstenesta.
Kva ordningar kan NAV tilby
Jens Erik Hansen fra NAV orienterte om at
Arbeidstrening kan vera aktuelt når arbeidsgivar er usikker på om ein person har dei rette eigenskapane for framtidigtilsetjing eller lærekontrakt. NAV kan
i tillegg vurdere å gi tilskot til særlege kostnader.
Målgrupper: Unge og flyktningar
Jens Erik Hansen oppfordra også bedriftene
til å registrera ledige sommarjobbar på NAV. Sommarjobbtiltaket er aktuelt for unge som
ikkje har klart å skaffe seg sommarjobb på ordinært vis. NAV dekker 50 eller 75% av lønnskostnaden, og kan gi ekstra tilskot til særlege kostnader.Les
meir på NAV.no
Praksisløp til arbeid
Bømlo vaksenopplæring representert ved
Bettina Skovly Kråkenes og Maren Laurhammar Gilje orienterte om praksisløp til arbeid i samarbeid mellom vaksenopplæring og næringsliv, og fordelar med praksisplass for bedrifta.
Ein får større tilgang på arbeidskraft og utvidar bedrifta sitt rekrutteringsgrunnlag.
Samarbeid gir meir målretta og effektiv rekruttering, betre treff, betre flyt og raskare prosess. Ein styrkar samfunnsansvaret og det er lite ressurskrevjande sidan det er tett oppfølging frå vaksenopplæringa. Ein peikar også på stabil arbeidskraft og at vaksne praksisdeltakerar blir ofte verande.
Foto; BN, Maren Laurhammar Gilje og Betina Skovly Kråkenes fra BOV.
Relaterte bedrifter