Klare for premiere på Sound of Music i Moster Amfi

bilde

I morgon braka det laus i Moster Amfi med ein av dei aller mest kjente og kjære musikalane Sound of Music.

Det er berre å gle seg for liten og for stor, alle aktørane har nå øvd gjennom heile sommaren, kulissar,kostymer, ja alt er på plass, no er dei klare til å vise fram resultatet, fortel ein spent produsent Maren Laurhammer Gilje.

Produsent,Maren Laurhammer Gilje, klar for Sound of Music.

Frå 6. til 16. august 2025 set Bømlo Teater opp klassikaren The Sound of Music i Moster Amfi – ein av Europas flottaste utandørsscener, med plass til over 1000 publikummarar. 
Musikalen av Richard Rogers og Oscar Hammerstein vart skriven og framført første gong i 1959, og har sidan vorte spelt verda over. Den blei for alvor verdskjend med filmversjonen frå 1965, med Julie Andrews og Christopher Plummer i hovudrollene. 

Handlinga tek oss tilbake til slutten av 1930-talet og eit uroleg Europa. Den livlege og songglade novisa Maria passar dårleg inn i klosterlivet, og tek difor på seg oppgåva som guvernante for dei sju morlause borna i von Trapp-familien. Historia balanserer det personlege og relasjonelle, samtidig som den speglar dei store samfunnspolitiske linjene – med nazismen som eit mørkt bakteppe. 

Musikken er storslått og inkluderer udøydelege songar som «Edelweiss», «Do Re Mi» og «Climb Every Mountain»

Opplev ei unik framsyning der profesjonelle og amatørar spelar side om side! 
Meir enn 70 aktørar frå 7 til 70+ år står på scena i denne storslåtte produksjonen, der det kunstnarlege nivået er høgt – med live musikk frå orkester på 13, gjennomarbeidd scenografi og kostymedesign, og ei heilt ny nynorsk omsetjing av Runa Våge Krukhaug. 

Medverkande i hovudrollene: 
Frøy Hovland Holtbakk som Maria 
Preben Hodneland som Georg von Trapp 
Espen Hana som Max Detweiler 
Eir Inderhaug som Abbedissa 
Karoline Krüger som Elsa Schräder 
Sigurd Sele som Franz 

Kunstnarleg team: 
Regi: Jostein Kirkeby-Garstad 
Musikalsk leiar: Gunvald Ottesen 
Scenograf og kostymedesign: Gjermund Andresen 
Omsetjing: Runa Våge Krukhaug 
Koreografi: Gard Hjertaas Bjørnson 

Bilettar på ticketmaster

Det er framleis ledige billettar dei får ein kjøpt på Ticketmaster. Musikalen spelar fra 6-16 august med totalt 9 forestillingar.

Sjå alle nyhende