Kjekt frukostmøte i Hollundsdalen

bilde

Det var fullt hus og god stemning då Advision, B. Innvær Trapperingen og multiSAFE inviterte til frukostmøte i deira lokale sist torsdag.

Etter ein god frukost levert frå #HiSio ønska næringsrådet velkommen, og gav ein kjapp status av viktige saker dei jobba med om dagen.

Dagleg leiar Hallgeir Goa Myhre frå multiSAFE ønska velkommen til deira nye lokale og kurs og kompetansesenter i Hollundsdalen. Han fortalde om reisa frå Sunnhordland Brannsikring og ein tilsett i 2018, til utviding av tenestekatalogen, store rammeavtalar og fire tilsette i dag. Ei imponerande satsing med engasjerte og dyktige fagfolk. Etter innleiinga til multiSAFE haldt Hans Arne Magnussen frå Sapio eit innlegg om deira verksemd, og kurs dei kan tilby gjennom multiSAFE.

Advision og dagleg leiar Karl Totland var neste mann ut. Han fortalte om ønskje han i si tid hadde, om å etablere ei bedrift som skulle tilføre samarbeidspartnarar ekstra verdi gjennom samarbeid, og korleis Advision har lukkast med nettopp dette frå oppstarten fram til i dag. Han løfta fram fleire sentrale aktørar som selskapet samarbeidde med til dagleg, både leverandørar og kundar, og kor Advision sin spiss-kompetanse på kommunikasjonsløysingar bidrar til å gjere andre gode.

Etter ein minglepause med god prat og god steming, var det dagleg leiar Kristian Invær frå B. Innvær og Trapperingen som drog oss gjennom historia om familiebedrifta frå 1928 og fram til i dag. Om 15-åringen som tok over drifta av eit møbelsnekkeri saman med ein eldre og yngre bror i 1941, og dreiv det saman fram til Kristian overtok selskapet og spissa det inn mot trapper for 40 år sidan. Om etableringa av trappekjeden Trapperingen, som har gjort at selskapet saman med andre trappeselskap her til lands, har lukkast med å nå den nasjonale marknaden etter at eksporteventyret for trapper gjekk nedover rundt tusenårsskiftet. Ei imponerande reise, som på ingen måte er over.

Me takkar for gode og inspirerande innlegg frå spennande bedrifter, og takk for multiSAFE som tok alle godt i mot i deira lokale.

Sjå alle nyhende