"Ka bala du med?" i Moster Amfi

bilde

Endeleg var det tid for eit nytt frukostmøte, og det var godt oppmøte då Future Solutions, SKAGEN Fondene og Stord Lufthamn fekk fortalt litt om kva dei balar med i Moster Amfi i dag.

Etter ein god frukost levert frå Amfikafeen ønska næringsrådet velkommen, og gav ein kjapp status av viktige saker dei jobba med om dagen.

Først ut var Future Solutions, som er eit konsulentselskap som jobbar med blant anna betringsarbeid, innovasjon og opplæring. Dei har spesialisert seg på prosjekt innan berekraft i bedrift, og er gode til å finne løysingar i verkemiddelapparatet for å få finansiering til prosjekta. Jarle Mortensen fortalde om spanande prosjekt som Future Solutions er med på, som har fått støtte frå verkemiddelapparatet. Han påpeika at Bømlo og Stord mottar ein relativt liten del finansiering frå verkemiddelapparatet sett opp i mot Vestland som heilhet, og at det nok finst mykje gode innovasjonsprosjekt i regionen som kan vera kvalifisert for å få støtte.

Tord Isaksen ved SKAGEN Fondene fortalde så kort om deira bedrift, og kva dei kan tilby både bedriftskundar og privatpersonar. SKAGEN tilbyr kundar sine eigne aktivt forvalta, verdibaserte fond, i tillegg til eit stort utval eksterne fond og investeringsløysingar på deira eigen platform. Isaksen fortalde korleis deira eigne ekspertar, samt ekspertar i eigarselskapet Storebrand, jobbar for å kunne tilby kundane den best samansatte porteføljen. Han har sjølv kontor på Bømlo, og er klar for å hjelpe lokale bedrifter og privatpersonar dersom dei tek kontakt.

Til sist fekk me høyre frå Lufthamnsjef ved Stord Lufthamn, Jan Morten Myklebust. Han drog oss gjennom den snart 40 år lange historia til lufthamna, som er ei lufthamn for heile Sunnhordland, og ei viktig lufthamn for å sikre god, lokal beredskap. Frå 1. april vert Osloruta ein del av FOT-rute ordninga, som vil seie at staten går inn og sikrar ruta. DAT vil framover tilby 15 rundturar per veke til reduserte prisar. I tillegg har Stord Lufthamn gratis parkering, som saman med auka avgongar, vil gjere at det vil verte både rimeleg og praktisk å nytte Stord Lufthamn både for private og bedrifter.

Avslutningsvis fekk me ein omvisning i dei nye lokalene til Moster Amfi ved dagleg leiar Nina Meldahl Olsen, som skal stå klare i april.

Me takkar for gode og inspirerande innlegg frå spennande bedrifter, og takk til Moster Amfi som tok alle godt i mot i deira lokale.

Sjå alle nyhende