Jobbskugging i næringslivet

bilde

I næringsrådet jobbar me kontinuerleg med å leggja til rette for betre kontakt mellom næringsliv og skulane våre her på Bømlo. Det er allereie fleire ordningar som sørgjer for tett kontakt mellom næringsliv og dei yrkesfaglege studieretningane, men studiespesialiserande har mangla slike ordningar. I februar fasiliterte me difor ein jobbskuggedag i samband med Bømlo vidaregåande skule. Der fekk elevar på andre året studiespesialiserande oppleve ein arbeidsdag hjå ei av våre medlemsbedrifter.

Formålet med jobbskuggedagen var å gje elevane meir kjennskap til kva nokon med høgskule- eller universitetsutdanning kan gjera på ein vanleg arbeidsdag. Initiativet blei godt motteke hos medlemsbedriftene våre, og elevane fekk i lang liste yrkjer som dei sjølv fekk velje mellom. Blant yrkjene som vart vald finn me fleire yrkjer som me har stort behov for i næringslivet vårt framover, blant anna dataanalytiker, elektroingeniør, softwareingeniør, fiskehelsebiolog, havbruksbiolog, lektor/lærar, HR, kommunikasjon, jurist og logoped.

16. februar møtte elevane spente opp hos dei ulike bedriftene, og i etterkant fekk elevane høve til å dele erfaringar frå dagen med medelevar slik at fleire fekk blei kjend med yrket, vegen dit og arbeidskvardagen. - Jobbskuggedagen var utruleg spennande og lærerik, og er ein fin moglegheit til å koma i kontakt med næringslivet «frå innsida». Det opna augo mine for moglegheiter utover dei eg hadde tenkt på. Eg møtte hyggelege folk og vart godt tatt imot, fortel ein av elevane. Fleire av elevane er einig i at dette var ein lærerik dag. I tillegg kom dei med tilbakemeldingar på korleis me kan leggje til rette for at det vert endo betre neste år.

Både me i næringsrådet og Bømlo vidaregåande er utruleg takknemlege for at bedriftene stiller seg positive til dette. Det er eit lite kull av vg2 elevar i år, men dei fekk velje mellom ei lang liste jobbskuggeplassar. Me håpar at både dei som hadde elevar på besøk og dei som ikkje fekk elevar denne gongen er positive ved eit anna høve. Me tar gjerne imot små og store innspel til forbetringar slik at denne ordninga kan fungera på best mogleg måte. Målet er at dette skal bli ei årleg ordning, og eit av fleire faste tiltak for å betre kontakten mellom studiespesialiserande og næringslivet.

Sjå alle nyhende