iteam opnar kontor i Hovlandshagen

bilde
Foto: iteam er særs nøgd med å doble talet på kontor og tilsette på Bømlo. Frå venstre: Senior IT-konsulent, Øyvind Olsen, kundeansvarleg Fredrik Skare og regiondirektør Stian Lauknes.

IT-selskapet iteam ser på det å vere tilgjengeleg lokalt, og ha eit kompromisslaust fokus på sine kundar, som sitt sterkaste konkurransefortrinn. No styrkjer dei posisjonen sin i Sunnhordland, og opnar nytt kontor på Bømlo!

iteam er eitt av Noregs raskast veksande IT-selskap, og har totalt 350 medarbeidarar fordelt på 38 lokasjonar, frå Svalbard i nord til Kristiansand i sør. Driftsmodellen er bygga på at dei med ein felles tenesteportefølje og gjennom kompetansedeling kan levere dei same sikre og smarte IT-løysingane like godt til sine lokale kundar som til dei nasjonale.

iteam har rundt 20 dedikerte medarbeidere som leverer tenester i Sunnhordlandsregionen, med kontor på Bømlo, Stord og Husnes.

- Etableringa av eit nytt kontor på Bømlo reflekterer vår strategi om å forsterke den lokale tilstadeveringa, og vere tettere på kundane våre, fortel regionleiar Stian Lauknes.

I tillegg til å skape lokale arbeidsplassar, ønskjer dei òg å bidra til at Bømlo skal vere ein attraktiv stad for unge fagfolk som ønskjer å flytte heim igjen etter fullførte studiar.

- For å tiltrekke unge talent tilbake etter studiane, må næringslivet i regionen samarbeide om å skape attraktive arbeidsplassar, sier Lauknes. – Det går føre seg spennande næringsutvikling på Langevåg, og me er klare for å utvide teamet vårt i møte med verdiskapinga som skjer der, avsluttar han.

Sjå alle nyhende