Internat til utleige – eit godt tilbod for bedrifter på Bømlo

bilde

Bømlo Folkehøgskule har frå hausten 2025 ledige internathus som eignar seg godt for bedrifter som treng overnatting til tilreisande tilsette – anten for kortare besøk eller lengre opphald.

Internata ligg fint til med utsikt mot Kulleseidkanalen, like ovanfor skulebygget. Kvart hus er på 240 m² og har ni rom, alle med eige bad. Tre av romma er større og tilpassa handikapstandard. Det er to senger på kvart rom, og husa kan huse opptil 18 personar i dobbeltrom eller 9 personar om ein nyttar enkeltrom.

Husa har gode fellesareal og fullt utstyrt kjøkken med blant anna komfyr, kjøleskap med frys, mikrobølgeomn og servise. I tillegg er det vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel, samt bodar for oppbevaring.

Bømlo Folkehøgskule tilbyr fleksibel utleige, både for korttids- og langtidsopphald, med moglegheit for servering av frukost og middag etter avtale.

Dette kan vere eit ideelt alternativ for bedrifter som har prosjektarbeid eller tilsette med mellombels behov for bustad.

Interessert i å sjå nærare på løysinga? Ta kontakt med kontorleiar Janine Krüger for visning og pristilbod.

📧 janine.kruger@bomlo.fhs.no
📞 53 42 56 50

Sjå alle nyhende