Ingrid kjem - kjem du? Meld deg på konferansen vår 8. november.

bilde

På Bømlakonferansen i år er det heimflytta bømling Ingrid Esperø (26) som er konferansier. - Eg gler meg til å leie næringsliv og elevar gjennom ein innhaldsrik dag med mange spennande innlegg, seier den unge og entusiastiske konferansieren.

Eitt av dei første tema me er innom på konferansen vår i år, er tilflytting. Ingrid er eit godt døme på ei som har flytta heim igjen til Bømlo, og teke med seg han ho er forlova med hit. Me i næringsrådet tok ein liten prat med ho på #HiSio.

- Eg har studert i England, Skottland og Singapore, og fekk jobb i Bergen etterpå. Hadde i utgangspunktet ikkje planlagt å flytte til Bømlo, men så fekk han eg er forlova med jobb i Zinus, og då ende eg opp å flytte heim.

Ingrid har ein bachelor i internasjonal business og entreprenørskap, og ein master i leiing. Sjølv pendlar ho på jobb til Bergen, og på fritida er ho mellom anna aktiv i musikklubben Morild.

Kom på konferansen vår 8. november og bli betre kjend med Ingrid! Og kven veit, kanskje får de høyre ho synge litt òg. Program og påmelding finn du her!

Sjå alle nyhende