Industritanken hos Aker Soulutions på Stord

bilde
Foto: Foto; Peter Tubas

Tysdag 8. september arrangerte Invest In Sunnhordland Industritanken, denne gongen i lokala til Aker Solutions på Stord. Industritanken er eitt av verktøya våre for å framsnakke, lære av og bli betre kjende med kvarandre på tvers av heile Sunnhordland-regionen.

Rundt 85 var påmelde, med deltakarar frå næringsliv, kommunar, akademia, fylket og politikken. Det gav ein god arena for samtalar på tvers av næringar og kommunegrenser.

Foto; Peter Tubas. Direktør hos Aker Soulutions på Stord Arne Hammer fortel om kva planar og prosjekter som kjem framover, men også om utfordringar i 2027 og 2028-

Ei ekstra gulrot denne gongen var omvisinga på verftet i forkant. Deltakarane fekk sjå Hugin A på nært hald. Det er plattformdekket til Aker BP si Yggdrasil-utbygging, og det største som nokon gong er sett saman på Stord.

Første bolk på programmet handla om industri, kraft og energi, med innlegg frå Norsk Industri, Aker Solutions, NHO, Vestland fylkeskommune, SKL og Reikna, før det var tid for mingling. Etter pausen var det debattsamtale om grøn omstilling i maritim sektor, med Smart Automations, Wärtsilä, Zinus og Sustainable Energy i panelet og Stord Næringsråd som moderator. Kvelden blei avslutta med nydeleg tapas og gode samtalar.

Stord Næringsråd, NHO og Norsk Industri var samarbeidspartnarar for Industritanken denne kvelden.

Foto; Peter Tubas. Også Bømlabedrifter var godt representert.