Folk me vil ha heim igjen kjem - kjem du? Hugs å melde deg på Bømlakonferansen 2023!!

bilde

For kvar betalande deltakar frå næringslivet, inviterer me i år med ein elev frå Bømlo vgs på Bømlakonferansen. Her får du ein unik moglegheit å nettverke med framtidige arbeidstakarar, og leggje grunnsteinar for å få fleire heim igjen og jobbe i di bedrift!

Det er til saman 60 elevar frå 3. klasse studiespesialiserande, 3. klasse automasjon og påbygg som kjem denne dagen. Med andre ord framtidige ingeniørar, økonomar, fastlegar, dataprogrammerarar, personalarbeidarar, sjukepleiarar, fiskehelsebiologar, med meir.

På konferansen er òg annonseavdelinga til Bømlo-Nytt, Polaris Media Vest, som i desse dagar er i full sving med årets "Heim igjen"-magasin. Desse blir ståande på stand på konferansen, og marknadsføre deira "Heim igjen"-magasin, som kvart år vert delt ut til bømlingar som deltek på "Heim igjen"-arrangementet til næringsrådet.

Så kom på konferanse og møt ungdommar som er klare til å jobbe i di bedrift om få år - og finn ut korleis du kan nå ungdom "der ute".

Sjå alle nyhende