Jobbtilbodet frå Matre Maskin slo alle andre tilbod
Kenneth Hollund visste alltid at han skulle heim igjen til Bømlo, men at han skulle flytte heim rett etter studia var aldri planen. Til sommaren flyttar han nemleg heim igjen etter studietida i Trondheim.
– Grunnen til at eg flyttar heim er jobbmoglegheita eg har fått hos Matre Maskin. Det er ei veldig spanande stilling, ein stad eg kan bruke utdanninga mi og der eg har gode moglegheiter for å utvikle meg sjølv.
Kenneth har dei siste fem åra budd i Trondheim, der han har studert til å bli sivilingeniør i maskinteknikk. Her har han vore ein aktiv student og engasjert seg i alt frå frivillige verv til revyoppsetjingar.
– Eg har alltid sett føre meg at eg skulle flytte heim igjen ein gong. Men at det skulle skje rett etter studia, var eigentleg ikkje planen.
Eit jobbtilbod som endra alt
Det som fekk Kenneth til å ta valet no, var jobbmoglegheita hos Matre Maskin.
– Eg fekk eit tilbod som var for godt til å seie nei til. Det er ei spanande stilling der eg får brukt utdanninga mi, og samstundes har gode moglegheiter til å utvikle meg vidare.
Matre Maskin er ei viktig industribedrift på Bømlo, med fokus på teknologi, utvikling og eit sterkt fagmiljø. For Kenneth var det avgjerande å finne ein arbeidsplass der han både kunne lære og ta ansvar.
– Eg hadde også eit tilbod i Oslo, men då tilbodet frå Matre Maskin kom på bordet, vart valet eigentleg ganske enkelt. Eit ekstra pluss er at eg kjem nærare venner og familie, seier han og smiler.
Frå sommarstudent til fast jobb
Kenneth har allereie erfaring frå bedrifta, etter å ha jobba der som sommarstudent.
– Eg fekk eit veldig godt inntrykk då eg var der, og det resulterte i at eg fekk tilbod om fast jobb. Eg trivdes godt med både arbeidsoppgåvene og folka.
Han trekkjer spesielt fram arbeidsmiljøet som ein viktig faktor.
– Det er eit godt miljø, og det betyr mykje for meg. Samtidig opplever eg at det kan være lettare å få ansvar og utvikle seg i eit litt mindre fagmiljø, samanlikna med større bedrifter i storbyen.
Kenneth har òg eit godt inntrykk av næringslivet på Bømlo.
– Industrien på Bømlo er nyskapande, og det finst gode moglegheiter for unge til å utvikle seg. I tillegg er det eit breitt tilbod, slik at dei fleste kan finne noko som passar for seg.
Nærleik til natur, folk og kortare pendleveg
Etter fleire år i Trondheim, er det spesielt ein ting Kenneth ser fram til å få meir av:
– Naturen. Det er mykje bra i Trondheim, men tilgangen på sjø og båt kan ikkje samanliknast med Bømlo.
Favorittplassen hans er heller ikkje vanskeleg å peike ut:
– Når eg sit med ein kaffi i eine handa og ei bolle i den andre, ute på Skjæret i Brandasundet, då er det vanskeleg å slå det.
Kenneth har også vore aktiv innan musikk og teater under studietida, og gler seg til å utforske kulturlivet på Bømlo vidare.
Ei klar oppmoding
Til andre som vurderer å flytte heim igjen, har han eit tydeleg råd:
– Utforsk moglegheitene. Ta kontakt med bedriftene som finst – eg trur mange vil bli overraska over kor mykje spanande som skjer her.
Relaterte bedrifter