Heim igjen - Bømlo

bilde
Foto: Toralv Martin Brekke

Kjenner du nokon som har flytta vekk, og som du trur kan tenkje seg å flytte heim igjen? Då kan arrangementet "Heim igjen - Bømlo", som næringsrådet arrangerer 22. desember, vere noko å delta på.

Pittalitlajulaafto inviterer Bømlo Næringsråd med sponsorar til tapas og nettverking på HiSio. Her får ein treffe bedrifter som Wärtsilä Norway, Bremnes Seashore, Finnås Kraftlag, iteam, Eidesvik Offshore, Bømlo kommune, LOS Gruppen, ilder og Norgeshus Bømlo. I tillegg får ein innlegg frå Bu i Sunnhordland, heimflytta bømling Mari Pedersen Totland, og bortebuande bømling Tove Sortland. I tillegg kjem sjølvaste ordføraren innom og helsar på.

Samlinga er for bømlingar som studerer eller jobbar vekke, som snart skal ut og studere, andre som vurderer å flytte hit, eller folk som nyleg har flytta hit, og er på leit etter jobb. Næringsrådet har i samband med arrangementet eit samarbeid med Bømlo-Nytt og Sunnhordland avis sin annonseavdeling, Polaris Media Vest, som gjer ut magasinet Heim Igjen 23. desember, og me har fått låne namnet deira.

Billettar kan kjøpast til ein sterkt sponsa pris på billetto.no.

Er du bedrift og har lyst å vere med og vise deg fram? Ta kontakt med Nina Ingvaldsen, og meld di interesse!

Sjå alle nyhende