Grunnrenteskatt og formueskatt stoppar utviklinga i norsk havbruk

bilde
Foto: Bremnes Seashore

Sist onsdag stod statsminister Støre og finansminister Vedum på trappa av Blaafarveværket i Åmodt og presenterte ei grunnrenteskatt på 40 prosent for havbruksnæringa. Alle selskap vert ramma av forslaget, òg dei små, fordi alle må betale auka produksjonsavgift, og ei ny naturressursavgift.

I 2021-statsbudsjettet blei dessutan formueverdien av konsesjonar kjøpt før 1998 auka til det selskap kjøpte vekst for i siste auksjonsrunde. Dette førte til ein eksplosiv vekst i formuesskatt for eigarane av lokale oppdrettsselskap – ein skatt som utanlandske eigarar slepp unna.

Samla utgjer dette ein tredobling av skattebyrda for oppdrettsselskap, noko som innskrenkar det økonomiske handlingsrommet betydeleg. Resultatet har – på den korte tida sidan skatteforslaget – blitt kansellering av planlagde investeringar i arbeidsplassar og verdiskaping i sjø og på land. Med eit pennestrøk er optimisme og framtidstru endra til uro i rådhus og lokalsamfunn langs heile kysten.

Djevelen ligg i detaljane. Regjeringa legg opp til at investeringar i settefiskanlegg og foredling på land ikkje skal gje fråtrekk i skatten, i motsetnad til investeringar på sjø. Utviklinga av ein foredlingsnæring i landet har berre vore mogleg på grunn av overskota i sjøproduksjonen. Denne detaljen i skatteordninga gjer at det ikkje vil vere lønsamt å styrke den lokale foredlinga i Noreg, men heller sende laksen ut av landet utan foredling. Dette set eksisterande og nye arbeidsplassar i fare og det aukar næringa sine klimagassutslepp.

Og ikkje minst er eksport av heil laks ei gåvepakke til landa sør for oss, som gjerne vil foredle fisken vår. Slik får dei ringverknadene frå produksjonen i fjordane våre langs Norskekysten.

- Næringsalliansen Vestland

Næringsalliansen Vestland blei stifta i 2008. Alliansen er eit nettverk samansett av 16 næringsforeiningar i Vestland. Saman representerer dei meir enn 3000 bedrifter og 150.000 arbeidsplassar og er ein viktig aktør når det gjeld næringsutvikling i heile fylket.

Sjå alle nyhende