Gode ambassadørar for Bømlo

bilde
Foto: Øystein Gjerde og Geir Einarsen skulle vera vel kjende for bømlingane for bileta sine.

Både Øystein Gjerde frå Naustbakken på Moster og Geir Einarsen, innflytta siddis og godkjend bømling, skulle vera vel kjende for dei flotte bileta sine. No har dei sagt ja til å vera foto-ambassadørar for Bømlo næringsråd.

- Eg er veldig glad for at de vil vera ambassadørar for Facebook-sida til Opplev Bømlo og forsyna oss med bilete som kan inspirera både tilreisande og fastbuande til å oppleva Bømlo, sa dagleg leiar i Næringsrådet, Nina Ingvaldsen då ho møtte dei to ambassadørane torsdag ettermiddag.

Dei to fekk ein kjapp gjennomgang av korleis Bømlo næringsråd mellom anna satsar på å visa fram kva Bømlo har å by på både gjennom nettstaden Opplev Bømlo og via facebooksida Opplev Bømlo.

Det er på facebook-sida dei to fotografane skal presentera bilete frå Bømlo som kan vera med og inspirera bømlingar til å ta med gjester, venner og kjende på tur og til å fortelja tilreisande turistar kva dei kan oppleva på Bømlo. Dei to startar no og vil presentera foto ut 2022. Det vil og bli gjort litt publiseringar på Instagram-kontoen som er laga til.

- Næringsrådet laga Opplev Bømlo-sida for å vise fram det du kan oppleve i kommunen som eit sideprosjekt til det me eigentleg driv med. Det er ikkje mykje tid eller pengar til å drifte løysinga, så me er heilt avhengig av hjelp, fortel Ingvaldsen. - I fjor fekk me bruke mange av bileta til Toralv Martin Brekke, i tillegg til bileter frå andre ivrige turgåarar og fotografar. Utan denne støtta, og no frå ambassadørane Einarsen og Gjerde, hadde me ikkje fått dette til.

Om du har ei oppleving du ønskjer at bømlingar og besøkjande skal vite om, og som ikkje du finn att på https://opplevbomlo.no/, er det berre å sende ein epost til post@bomlonr.no.

Sjå alle nyhende