Frukostmøte om IT-tryggleik på Bygdatunet

bilde

Eidesvik Offshore inviterte forrige veke til eit frukostmøte om IT-tryggleik og korleis me sikrar verdiane våre i ei digital verd, saman med ein av deira leverandørar på IT.

Innleiingsvis fekk samlinga høyre om kor stor risiko dei tilsette utgjer i ei bedrift i høve dei digitale flatene, om korleis AI kjem til å påverke tryggleiken meir og meir framover, og om enkle grep ein kan ta for å byggje ein god kultur for IT tryggleik i ei bedrift. Langevåg Bygdatun Kafè serverte gode snittar til dei frammøtte, og innleggshaldar serverte ei smørbrødliste med huskereglar for god IT-tryggleik.

Stine-Elisabeth Engseth, IT sjef hjå Eidesvik Offshore, fortalde om tre hendingar dei har opplevd kring digitale angrep, og korleis dei handterte desse episodane med å reagera kjapt og ha gode prosedyrar for angrep. Ho fortalde at dei har vald å investere tungt i IT tryggleik og ha gode samarbeidspartnarar på området, då det kan vera svært kostbart dersom uhellet først er ute.

Takk til Eidesvik Offshore som arrangerte frukostmøtet saman med sin leverandør, og til Langevåg Bygdatun Kafè for god frukost. Me håpar at våre medlemsbedrifter tar IT-tryggleik på alvor!

Sjå alle nyhende