Flytta heim frå fotballeventyr til jobb i Bremnes Seashore
For Tiril Kvarven var det eigentleg aldri eit spørsmål om ho skulle flytte heim til Bømlo igjen. Sjølv om både vidaregåande skule og fotballeventyr tok henne ut i verda, visste ho alltid kvar ho ville ende opp.
– Eg har eigentleg alltid visst at eg kom til å flytte heim igjen. Her har eg familien min, mange gode venner og naturen like utanfor døra. Det er noko heilt spesielt med det, seier ho.
Tiril vaks opp på Bømlo, men flytta til Haugesund då ho byrja på vidaregåande skule. Fotballen tok henne også vidare ut i verda ei periode. Etter ei tid vekke byrja heimlengselen å melde seg.
– Etter kvart sakna eg Bømlo ganske mykje. Då var det eigentleg eit ganske lett val å flytte heim igjen.
Starta med sommarjobb
Arbeidslivet i Bremnes Seashore byrja tidleg for Tiril. Som mange andre starta ho med sommarjobb i foredlingsavdelinga, og etter kvart vart det også ekstrajobbing.
– Eg har fått prøvd meg på mange ulike delar av drifta. Først jobba eg i foredling, og då eg budde vekke jobba eg ofte ute på anlegg i helgene når eg var heime, fortel ho.
Etter kvart fekk ho også erfaring frå serviceavdelinga i Øklandsvågen med ulike oppgåver, før ho byrja å jobbe fulltid ute på anlegg. Der arbeidde ho i om lag to år før vegen gjekk vidare til fôringssentralen.
Bremnes Seashore, i likskap med mange andre bedrifter på Bømlo, satsar mykje på å utvikle kompetanse lokalt. Ein treng ikkje nødvendigvis ha den rette utdanninga før ein får ein jobb, då ein ofte kan lære mykje undervegs og bygge kompetanse gjennom arbeid.
Tiril er eit bevis på at det finst fleire vegar til målet, og at det ikkje er for seint å endre retning. Ho gjekk ikkje yrkesskule på vidaregåande, men enda likevel opp som fagarbeidar. I haust kunne ho nemleg feire et viktig mål: fagbrev i akvakultur.
– Det var veldig kjekt å få fagbrevet. Eg er takknemleg for alle moglegheitane eg har fått i Bremnes Seashore, og for at eg har fått prøve meg på så mange ulike område.
Nært både folk og natur
For Tiril er det mykje som gjer Bømlo til ein god plass å bu.
– Det beste er at familie og venner berre er ein kort biltur unna. Avstandane er små, og det er lett å møtast. Ho trekkjer også fram naturen som ein viktig del av kvardagen.
– Eg er veldig glad i sjøen og i å gå tur. Her er det kort veg til både fjell og sjø, og det er lett å ta seg ein tur ut i naturen.
Ho trekk fram to favorittstader på Bømlo som ho set ekstra pris på.
– Eg er veldig glad i å vere ved sjøen og sjå på solnedgangane. Samtidig brukar eg mykje tid på fotballbanen.
Etter å ha spelt fotball for blant anna Mallorca Toppfotball, FK Haugesund, Stord og Porsanger har ho no returnert til moderklubben, Bremnes Idrettslag, som både spelar på damelaget og trenar for juniorlaget til damene.
Fleire moglegheiter enn folk trur
Sjølv om mange av vennene hennar ikkje flytta heim like tidleg som ho gjorde, har ho fått fleire nye vennskap etter at ho kom tilbake.
– Det har gått veldig fint. Eg har fått meg eit stort nettverk her heime no, og finn på mykje kjekt saman med vennegjengen min. Så møter ein nye folk heile tida gjennom andre kjente, jobb, fritidsinteresser og aktivitetar.
Og nettopp aktivitetar meiner ho det finst mykje av trass i kva mange kanskje trur.
– Den største myten om Bømlo er at det ikkje er så mykje å gjere her. Det vil eg sei ikkje stemmer. Det er moglegheiter for veldig mange ulike hobbyar og aktivitetar, om ein berre er litt kreativ.
Ei klar oppmoding
Til andre som vurderer å flytte heim igjen, har ho ei tydeleg oppmoding.
– Eg vil absolutt anbefale det. Bømlo er ein liten plass, men det finst mange moglegheiter både for jobb og fritid. For meg har det vore eit veldig godt val.
Relaterte bedrifter