Flyshow på Stord Lufthamn

bilde
Foto: Eirik Østensjø

Laurdag 10. juni arrangerar Stord Lufthamn flyshow på Sørstokken. Under arrangementet Stord Airshow 2023 vil det vera mogleg for store og små å sleppa inn på flyplassområdet og betrakta fly og helikopter av ulike typar, både i lufta og på bakken.

Det blir sal av kioskvarer og aktivitetar for dei minste, og i lufta blir det akrobatisk oppvisning med fleire aktørar.

Frå Rygge kjem Forsvarets Historiske Skvadron, som deltek med 3 jet-jagarar av typen Vampire og Mig-15. Dei to Vampire veteranane har delteke på airshow på Stord tidlegare, men det er fyrste gong at MiG-15 kjem til lufthamna.

Biltema stiller med sine to ikoniske fly frå andre verdskrig, Spitfire og P-51 Mustang, og flyg oppvisning med begge flya. Det blir fyrste gong begge desse flya er samla på Stord.

Det vert også akrobatisk oppvisning i regi av Håvard Dale, som kjem med to fly, YAK-50 og Boeing Stearman. Dessutan blir det oppvisning med to SAAB Safir frå Sola, eitt fly frå Bergen Aero Klubb og modellfly. Det er og venta innslag frå Luftforsvaret.

For meir informasjon og kjøp av billetter kan ein vitja www.stordairshow.no eller vårt eige arrangement på Facebook «Stord Airshow 2023».

Sjå alle nyhende