Finnås Kraftlag legg tilhøva til rette

bilde

Finnås Kraftlag er ein institusjon her på Bømlo. Dei har vore ein pådrivar for å sikre viktig infrastruktur i kommunen, først og fremst straum og etterkvart fiber. I desse dagar står me i ein situasjon der me snart har for lite kraft til kommunen, og igjen er kraftlaget på ballen. No samlar dei ulike krefter i kommunen til møte, for gjennom samarbeid finne ei løysing for korleis sikre nok energi og anna infrastruktur til Bømlo i framtida. - Det er ein av våre viktigaste oppgåver framover, og denne må me finne ei løysing på i lag, seier elverksjef Tor Bjarne Smedsrud.

Siste tiåra har me sett ei voldsom auke i elektrifisering. Elektriske bilar, ferjer, byggjeplassar, kryptovaluta, landstraum i hamner og elektrifisering av sokkelen er nokre av områda som gjer at behovet for energi aukar. Og her i Sunnhordland er kapasiteten snart oppbrukt. Den neste bedrifta som etablerer seg, og som driv med kraftkrevjande næring, vil utløysa eit behov for å byggje ut kraftnettet, frå Hardanger til Bømlo. - Slik systemet er lagt opp, vil det vere bedrifta som må signere på bestillinga, og garantere for kostnaden ved ei slik utbygging. Det er vel dei færraste bedrifter som har råd til slike anleggsbidrag, seier Smedsrud. - I tillegg er det lite kapasitet igjen inne i Hardanger, så får ikkje me ei slik bestilling på Bømlo snart, vil det ikkje vere noko energi å hente den dagen me treng det. Så her handlar det om å vere føre var.

Krigen som endrar Europa

Det var truleg få som såg føre seg krigen i Ukraina når året starta. At den russiske presidenten verkeleg ville gå til det djupt alvorlege steget å invadere nabolandet sitt med full styrke. Men i februar var krigen eit faktum, og den har store konsekvensar for heile Europa, for mattryggleik og for energi. I Noreg merkar me mest til at prisane i kraftmarknaden er aukande.

- Ja, me er jo ein del av Noreg, og det som påverkar den norske marknaden, påverkar også oss på Bømlo, sa Smedsrud då Bømlo næringsråd snakka med han den dagen krigen var eit faktum. – Det er vanskeleg å seie noko meir om konsekvensar av ein krig og kva som eventuelt vil skje når krigen er over, men at det vil få konsekvensar for oss er ganske klart.

Finnås Kraftlag er også budde på at det kan komme dataangrep som kan få konsekvensar, men har gode beredskapsplanar, utan at elverksjefen vil gå i detaljar på dette. - Større hendingar i verda som også råkar Noreg, vil også råka Bømlo. Difor kan me aldri slappa av på beredskapen, slår Smedsrud fast.

Spesiell kundekultur

Tor Bjarne Smedsrud (47) kom til Bømlo som elverksjef i 2020. Han er fødd og oppvaksen på Sand i Suldal kommune, er gift og har tre barn i tenåra. Kona hans, Monica, byrja nyleg i ny jobb som verksemdsleiar for Bømlo helsehus og Teiglandshagen, og familien har busett seg på Leite. Familien har hatt hytte på Bømlo sidan 2015, og han er dermed godt kjend i kommunen. Sidan kona hans er frå Utsira, trivest dei godt med hav og sjø kring seg.

Smedsrud fortel om ein omfattande fagleg bakgrunn, med fagbrev både for svak- og sterk straum, teknisk fagskule og ingeniørutdanning og brei erfaring frå mellom anna ulike kraftselskap der han har jobba med ulike fagfelt.

Kvifor han valde Bømlo? – Eg hadde jo kjennskap til Finnås Kraftlag gjennom alle åra i andre kraftlag, og eg visste at Finnås Kraftlag hadde ein unik posisjon blant eigarane sine. Andre liknande selskap har gjerne andre eigarar som kommunen eller andre, her er det medlemmane eller kundane som eig selskapet og er med og bestemmer gjennom årsmøtet. Eg kjende Nils Gunnar (Gloppen) frå før gjennom samarbeidsmøte og syntest kulturen og strukturen i Finnås Kraftlag var tiltalande, seier han. – Dei har ein sterk posisjon på Bømlo. Kundane stod i sentrum, det var dei kraftlaget var opptekne av. Og den kulturen er framleis gjeldande. Me har ei kjensle av at bømlingane er opptekne av kraftlaget sitt, på ein positiv måte. Me må sjølvsagt ha konkurransedyktige prisar. Men samstundes må me tenkje effektiv drift, seier Smedsrud. Han opplyser at dei no i situasjonen med auka straumprisar til dømes har sagt frå seg inntekter på kring seks millionar kroner + mva som kundane eigentleg skulle ha betalt, men som me har sagt at me klarer oss utan dei pengane. I staden kjem dette kundane til gode. – Dette gjer me til beste for kundane våre. Eg har ikkje høyrt at andre kraftselskap har gjort noko liknande, seier han. – Me kan gjere det fordi me har råd til det, og fordi det i vedtektene står at me skal jobba til beste for kundane våre.

Spennande næringslivsutvikling

Tor Bjarne Smedsrud følgjer sjølvsagt med på, og er glad for, den positive utviklinga i næringslivet i kommunen. – Så langt har me kapasitet til å forsyna alle med krafta dei treng. Det er spennande å sjå kva som skjer med fiskerihamna i Hovlandshagen på Langevåg. Det er ikkje mange som har eit slikt industriområde til sjø som dei har på Langevåg. Så langt er det nok kraftkapasitet, men me veit jo ikkje kven som kjem til å etablera seg der, om det vil bli store behov for kraft i framtida. Viss det kjem ei større kraftkrevjande verksemd, har me ikkje kapasitet nok, seier han.

Elverksjefen forklarar at den såkalla SKL-ringen i Sunnhordland og på Haugalandet, så langt forsyner oss med krafta som skal til. Men Statnett har planar om å byggja nye kraftlinjer og forsyne Sunnhordland og Haugalandet med kraft som skal stå ferdig i 2026. Den vil og vera viktig for ytre delen i Sunnhordland, men det er diskusjonar i Etne om korleis dette skal gjerast, om det skal byggjast master eller om kablane skal leggjast på andre måtar. Me håpar at dei vert einige og at utbygginga kjem i gang. Bømlo Kraftnett har byrja tenkje muligheter for fiskerihamna der. – Me veit enno ikkje kven som vil etablera seg i fiskerihamna, og det er difor viktig å komme tidleg i dialog for å kunne finne dei beste løysingane, seier han og varslar orienteringssak om dette på årsmøtet.

Krevjande under pandemien

Finnås Kraftlag har ikkje slite med rekrutteringsproblem. – Me har ein stabil og dyktig stab, me har fått søkjarar til dei tre ledige læreplassane våre. Mange hos oss har heile det yrkesaktive livet sitt her, noko som tyder på ein god og trygg arbeidsplass, seier han.

Han seier at det har vore krevjande både å vera tilsett og leiar den siste tida. – Det har vore stort press på administrasjonen, det er ikkje alltid lett å vera liten, vedgår han. I ein stor administrasjon har dei gjerne ulike avdelingar som tek seg av sine fagfelt, medan i verksemda i Hollundsdalen er dei få som må ta seg av det meste. Det har vore mange telefonar, mange nye krav og retningslinjer har vorte innførte, pandemien har vore krevjande, og han har ikkje villa setje inn meir personale på grunn av at dei har prøvd å halda nettleiga nede (jamfør dei seks millionane lenger framme i teksten). Då er det heller ikkje lett å vera leiar, seier Smedsrud.

Meir enn straum

Finnås Kraftlag er ikkje berre straum og kraft og nett. I mange år har dei levert digitale tenester gjennom Altibox, og den siste tida er det elbil-ladestasjonar og solceller som står på dagsorden. Det vart jobba i kulissene då pandemien braut ut. Det vart plutseleg mange som skulle ha eit godt fungerande nett heime, med heimekontor og heimeskule, og me måtte ofte gå heim til kundane våre for å få dette til. Det har vore travelt. Me prøver å yta så god digital service som me kan, og har fått gode tilbakemeldingar for det. Det er ikkje for ingenting me har lege på toppen av Altibox sine brukarundersøkingar mange gonger, seier elverksjefen. Han er oppteken av at dei som ikkje er så digitale også skal få den hjelpa dei treng, og seier at alle er velkomne til å komma innom kontoret i Hollundsdalen for å få hjelp. – Det er heller ikkje uvanleg at ein av våre folk reiser heim til ein kunde for å hjelpa. Det er kanskje enklare enn å få forklart ting gjennom telefonen.

– Ladestasjonar og solcellepanel er også ein del av det me tilbyr, men ikkje eit av dei store beina me står på. Men, me må vera tidsrette, og kunna tilby det kundane spør etter, seier han.

Finnås Kraftlag har vore ein stabil og trygg straumleverandør for oss bømlingar dei siste åra. Smedsrud fortel at forsyningstryggleiken har vorte styrka i og med Bømlopakken, der det er lagt ned straumkablar i samband med vegutbygginga. – Det seier seg sjølv at kablane er ikkje så utsette for vêr og vind når dei ligg i jorda som når dei heng i lause lufta, seier han. – Men eg kan ikkje gje ein 100 prosent straumleveringsgaranti, det kan alltid skje ting me ikkje er herre over.

Kraftlagsapp på veg

No ventar han spent på at den nye kraftlags-appen skal bli klar. Det er den bømlabaserte verksemda Masterloop i Rubbestadneset som har fått oppdraget med å utvikle appen. - Med den skal ein kunne følgje det som skjer med og styre straumbruken i hus og heim, me reknar med at den skal vera klar innan sommarferien, seier Smedsrud.

Tor Bjarne Smedsrud er klar på at han vil føra vidare den gode servicekulturen i verksemda. – Me har opne dører for dei som treng hjelp eller lurer på noko. Som ei av få verksemder har me ikkje gebyr på fakturaer. Service er ein raud tråd i kraftlaget, det sit i ryggmargen, seier elverksjefen. Han strekar under at det ikkje er Finnås kraftlag som bestemmer straumprisane, men det er dei som sender ut fakturaene. - Me prøver å halda prisane så låge som råd, og så får me håpe at alt normaliserer seg snart. Me står på, og er der når noko skjer! seier han til slutt.

Sjå alle nyhende