Finnås Kraftlag kjem på Heim igjen 2025 !
På Heim igjen møter du Finnås Kraftlag!
Finnås Kraftlag har ei nøkkelrolle for grunnleggjande infrastruktur på Bømlo. Med nettselskapet Bømlo Kraftnett AS byggjer og driftar dei straumnettet som fører straumen til hushaldningar og næringslivet. I Finnås Kraftlag AS sel dei raskt internett som kjem frå det utbygde fibernettet. Dei fleste bømlingar kjøper også straum frå Finnås Kraftlag AS.
Dei er opptekne av den grøne omstillinga, som påverkar dei som nettselskap, men også som marknadsselskap i stadig utvikling. Kvart år gir Finnås Kraftlag delar av overskuddet tilbake til lokalsamfunnet i form av gåver til allmennyttige formål.
I Finnås Kraftlag jobbar dei innan mange fagområder. I tillegg til elkraft og telekommunikasjon, så er det eigne tilsette som jobbar med administrasjon, marknad, HMS, økonomi og HR.
Ta kontakt med dei på Heim igjen 2025 om du kunne tenke deg ei karriere hos Finnås Kraftlag, eller om du vil lære meir om kva dei driv med!
Foto; Finnås Kraftlag