BVA står framfor investeringar i fleire hundremillionarsklassen

bilde
Foto: Randi Olsen

BVA har eit dilemma. Dei leverer allereie godt og reint vatn til både bedrifter og private. Men det trengst meir, til utvidingar av nye arbeidsplassar, og det kostar. Dilemmaet er at dei fleste av storforbrukarane ynskje å utvida sin produksjon i løpet av få år, og dei treng alle meir vatn. Investeringsbehovet er estimert til om lag 400 mill. dei næraste åra.

Me tenkjer gjerne ikkje over kor heldige me er i det daglege som berre kan tappe vatn på vassflaskene våre direkte frå kranen, og ta med reint drikkevatn på tur. Kor vatnet kjem frå tenkjer me ikkje vidare over. Eller at me kan gå på toalettet og spyle ned, så er me ferdige med saka. Kor saker og ting blir av, er heller ikkje tema for dei fleste av oss.

Men for dei 18 tilsette i BVA (Bømlo Vatn og Avløp) går ikkje dette heilt automatisk. Dei syt for at vassforsyninga og avløpa våre er haldne i orden. Kvar dag og natt, kvar veke, heile året. Bømlo næringsråd har fått eit interessant innblikk i det som skjer rundt vassrøyr og høgdebasseng, pumpestasjonar og overvatn.

Står framfor store investeringar

Audun Halleraker, dagleg leiar, fortel at dei står framfor ei slags luksus-utfordring dei komande åra. - Luksus på den måten at mange av storforbrukarane våre har utvidings- eller utbyggingsplanar eller ynskjer å auka sin produksjon. Dette gjeld først og fremst lakseslakteria. Så har me det nye, store forskningssenteret i Rubbestadneset, der dei skal ha ei ny havbrukslinje og der det også vil vera behov for mykje vatn. Ser ein på kor desse er lokaliserte er det frå nord til sør og i aust og i vest. Utfordringa vår er den store auken i forbruk samstundes, seier Halleraker. Men han legg til at det er svært positive planar, med nye arbeidsplassar og meir aktivitet, men han har eit dilemma i å få det til.

- Når det gjeld Langevåg så hadde BVA planar om å byggje tosidig vassforsyning slik forskrifta seier at det skal være. Dette har me snakka om og planlagt heilt frå 2014. Men så dukkar Fiskerihamna opp, med behov for store mengder meir vatn enn det som er tilgjengeleg i dag, seier Halleraker. Espevær Laks (no Langevåg Laks) har greidd seg akkurat vassmessig i forhold til normal produksjon, når det var vanlege vestlandssomrar, med regn sånn kvar tredje dag, forklarar Halleraker. - Men med tørre somrar som den i 2018 var me ute og måla vassmengda kvar dag. Me var rett og slett redde for at kjelda ville gå tom. Kvednavatnet, som forsyner abonnentane på Langevåg, er ikkje så stort, og det er grunt. Kvalitetsmessig blir det derfor litt utfordrande å få det reint. Jo betre «råvatn», jo enklare er det å få det reinsa, forklarar han. No er BVA i gang med å byggje eit høgdebasseng på Vorland, og ein har dermed to høgdebasseng på Langevåg og dermed større lagringskapasitet. Planen er at det skal stå ferdig til sommaren. 

- I 2012 vart reinseanlegget i Åreiddalen bygd om. Men den komande fiskerihamna i Langevåg i tillegg til storforbrukarane nord i kommunen, har store planar og ynskje om mykje meir vatn. Eg håpar sjølvsagt at planane vert realiserte. Men dermed må reinseanlegget i Åreiddalen byggjast monaleg ut for å klare å produsere nok vatn, og det må også byggjast nytt høgdebasseng der. Planen er at det nye anlegget i Åreiddalen skal verta hovudvassforsyningsanlegg for heile kommunen. - Ved å sentralisera slik får me det største reinseanlegget ved den største råvasskjelda og me kan behalde dei to andre anlegga slik dei er i dag i forhold til størrelse, seier Halleraker. Når det gjeld leidningsnettet så er det behov for større vassleidning mellom Åreid og Ekornsæter for å kunne levere meir vatn nordover. Dette er ein av grunnane til at  Audun Halleraker er særs glad for vedtaket om Bømlopakke II då ein ny vassleidning er tenkt lagt i denne vegtraseen. 

Har fornya leidningsnettet

Frå tid til anna høyrer me i nyhenda om vasslekkasjar og leidningsbrot som skuldast gamle vassrøyr som bryt saman. Korleis står det til i Bømlo?

- I 2010 rann mellom 50 og 60 prosent av vatnet ut på grunn av lekkasjar. Men med fokus på lekkasjesøk har me greidd å få redusert lekkasjane til om lag 22 prosent i 2021, seier Halleraker. Han forklarar at dei har to tilsette som har søk etter lekkasjar som si hovudoppgåve. Ved å dele inn leidningsnettet i soner har dei også fått eit mykje betre verktøy til å finne lekkasjane. Lekkasjar dukkar stadig opp, små som store, men spesielt dei små lekkasjane er vanskelege å finne, seier han. Ei av utfordringane har vore at BVA har overteke dei aller fleste private vassverka som fanst i kommunen. Dei vart gjerne bygde på dugnad, og med så rimelege materialar som råd. Når så desse blir utsatt for eit større vasstrykk så tåler dei ikkje det, og lekkasjar oppstår. 

- Utskiftingstakten i leidningsnettet på landsbasis er sagt å vera i overkant av 100 år, så me må byggje med kvalitet når leidningane skal halde så lenge, seier han.

Enormt investeringsbehov

BVA er eit sjølvkostselskap, det vil seie at selskapet skal drivast til sjølvkost. Abonnentane betale for kostnadene gjennom gebyr og avgifter. BVA tek opp lån for å byggje ut, og har dei siste åra hatt ei investeringsramme på 15 – 20 millionar årleg. Det er kommunestyret i Bømlo som bestemmer investeringsramma og Bømlo kommune garanterer for låna.  

- Me har mellom anna behov for mykje meir «lagringsplass» for vatnet vårt framover, altså høgdebasseng, i tillegg til større overføringsleidningar og vassreinsekapasitet, seier Halleraker. Han peikar på at det finst altfor lite kapasitet til lagring av «ferdigvatn». – Når produksjonen ved til dømes fiskeforedlingsbedriftene går for fullt frå morgon til langt på kveld, brukar dei meir enn BVA klarer å produsere, og det blir lita tid og kapasitet til å fylla høgdebassenga opp før produksjonen startar opp på nytt. 

Halleraker peikar på at investeringsbehovet er formidabelt i høve til ramma ein har hatt fram til no, 300– 400 millionar i løpet av dei kommande åra om alt må byggjast no. - Eg har ikkje meir lyst enn andre på høgare gebyr, men når eg ser kva dette vil gjere med gebyrnivået for vatn og avløp så både må og skal eg informere eigar om dette. Eg ser jo at me får att for dei investeringane me gjer i form av utvikling, utbygging og nye arbeidsplassar, men det er
vanskeleg, seier BVA-sjefen.

- Det er derfor viktig å informere politikarane som skal sjå samanhengen mellom samfunnsutviklinga og dei investeringane som må gjerast slik at vedtaket dei gjer blir på rett grunnlag.

Rigga for klimaendringar?

Så er spørsmålet, er BVA rigga for store nedbørsmengder i framtida? – Ja, det vil eg seie, meiner Halleraker. Han forklarar at BVA har ansvar for overvatn der det er offentleg avløp. Så er det eksempelvis vegeigar som har ansvaret for å få unna overvatn på sin veg eller parkeringsplass, medan private har ansvar for sitt.

Til dømes er det mange private huseigarar som fører vatnet frå takrennene ned i overvassleidningane. Om desse så er feilkopla eller vatnet av ein eller anna grunn renn inn i avløpsleidningane, så kan det ved mykje regnvêr vere problem ved at pumpestasjonane ikkje greier å ta unna. Dermed vert det for mykje vatn for pumpene og me risikere at pumpestasjonane går i overløp, og dermed kanskje forureining, seier han. Men han strekar under at det meste av regnet som kjem ned, har naturleg avrenning, anten i sjøen, ned i grunnen eller andre trygge stader. – Me er heldige som bur på ei steinrøys av ei øy, og ikkje på leirgrunn som på austlandet, slår han fast. 

Halleraker er likevel uroa over situasjonen for Storavatnet. Det står mange pumpestasjonar på ulike stader rundt Storavatnet som til tider blir overbelasta når det regnar mykje. Eitt av fokusområda til BVA er kartlegging av kor mykje regnvatn som kjem inn i desse pumpestasjonane, og kva som må gjerast for å unngå overbelastning. 

God beredskap på vassforsyning, men fryktar dataangrep

Når det gjeld beredskap for vassforsyning, så ligg det føre planar for dette, for mange scenario. Hovudoppgåva for BVA er å forsyna abonnentar med drikkevatn, og det er dei rigga for. 

Vasskjeldene og distribusjonsnettet vårt er sårbart, me hugsar alle det som skjedde på Askøy for nokre år sidan, men me har eit godt samarbeid med andre kommunar i Sunnhordland og på Haugalandet i forhold til beredskap. Me har jobba med å sikra naudvatn og dei aller fleste områda våre har tosidig vassforsyning i dag, seier Halleraker. – Det er institusjonar og hushaldningane me først og fremst er plikta til å forsyna, så det kan hende i yttarste konsekvens at me ikkje har vatn til bedriftene våre og må be dei om å stengje, seier Halleraker. 

Men han vedgår at det er dataangrep som er den store skrekken. Han viser til dataangrepet på Østre Toten kommune, som lamma kommunen og førte til store økonomiske konsekvensar. Dette dataangrepet førte også til at kommune-Noreg no er i ferd med å innføre system som gjer dei tryggare for angrep. Også i Bømlo. 

– Det er dyrt, men det må til. Ikkje berre kostar det ein del, men alle skal jo lærast opp og kunne bruke det nye systemet viss noko skjer, seier Halleraker. Men det må til. – Det verste med slike dataangrep er jo at du kan jobbe i veg i lang tid og ikkje ane at du er angripen. Du er på ein måte heilt forsvarslaus, og det er skræmande, seier han. - Ein bakterie eller noko forureining i vassrøyra kan du forhalde deg til, men
eit dataangrep er heilt umogeleg å sjå før angriparen slår til.

Stolt over gjengen

BVA er kjent for god vasskvalitet og har fått prisar for vatnet. – Ja, det er me stolte over. Me meiner jo sjølvsagt at me er best, smiler han. -  Det er kjekt når andre ringjer og spør om råd, og me er mellom anna med i ei nasjonal gruppe for lekkasjesøking. Innan
BVA-bransjen dele me erfaringar og gode idear med våre naboar eller kollegaer rundt omkring i landet. 

BVA har også utarbeidd læremateriale både for skulen og barnehagane, med stor suksess. – Det er dei små me må begynne med, dei er veldig påpasselege med oss vaksne, seier Halleraker. Mellom anna lærer barnehagebarna kva me har lov å kasta i do, og kva me ikkje skal kasta i do, og dei er flinke til å passa på. Det er mellom anna laga eit «do-inspektørhefte» for dei yngste som dei kan ha med seg heim, med oppgåver og fargeleggingsteikningar og anna. 

Treng nye folk

Elles håpar Audun Halleraker at unge som skal utdanna seg, vel ein veg som fører til BVA. Dei står framfor eit generasjonsskifte, forklarar han, og vil ha bruk for både automatikarar, elektrikarar og andre yrkesgrupper i åra som kjem.

- Me er ikkje lærebedrift fordi me ikkje kan tilby full opplæringspakke. Men for nokre år sidan hadde me eit samarbeidsprosjekt om lærling med Smart Automation som var svært verdifullt for oss. Me hadde eit godt samarbeid med Bømlo opplæringskontor, og det er noko me kan tenkja oss å vidareføra.

- Kanskje Bømlo næringsråd kan bidra med å sjå ei samarbeidsløysing på dette området? Her er mange spennande muligheter, i ein viktig jobb for bømlasamfunnet, seier Audun Halleraker til slutt.

Sjå alle nyhende