Bremnes Seahore løftar havbruksnæringa

bilde
Foto: Foto; Bremnes Seashore, Øklandsvågen ein vinterdag

90- års jubilanten!

Neste år feirar Bremnes Seashore sitt 90-årsjubileum – ein milepæl som ikkje berre markerer historia til ei solid bedrift, men også utviklinga av Bømlo som kyst- og næringskommune. Selskapet har gjennom tiår vore ein viktig arbeidsplass, ein innovasjonsmotor og ein sentral aktør i lokalsamfunnet.

Styrke i ei tid med endringar

Havbruksnæringa står no i store politiske og regulatoriske diskusjonar, mellom anna knytt til havbruksskatten, trafikklyssystemet og vassdirektivet. Trass desse utfordringane viser Bremnes Seashore evne og vilje til å bidra konstruktivt, med fokus på samarbeid, biosikkerheit og løysingar som tryggar både fiskehelse og berekraftig produksjon.

Bedrifta peikar også på behovet for betre koordinering i PO3 og meir openheit rundt sjukdomsregistrering – grep som kan styrke heile regionen.

Foto; Bremnes Seashore, filetproduksjonen hos Bremnes går for fullt sjølv om dei ikkje produserer Salma laks lenger. Heil filet vert eksportert til Europa kvar dag, og Bõmlo er ei kjent merkevare.

Ei viktig røyst for Bømlo og Vestlandet

Bremnes Seashore løftar konsekvensane som rammar lokalsamfunn når rammevilkår skiftar raskt. Dei etterlyser betre politisk forståing for korleis reguleringar slår ut på arbeidsplassar, matberedskap og verdiskaping. Gjennom 90 år har Bremnes Seashore vist at kombinasjonen av lokal forankring, innovasjon og berekraft kan skape varig utvikling.

Bremnes Seashore er ei bedrift som er solid forankra i Bømlasamfunnet, og dei er ei viktig stemme for havbruksnæringa her på Vestlandet. Bedrifta er ein av gullsponsorane til Bømlo Næringsråd som bidreg til at drifta går rundt. Me ønskjer Bremnes Seashore lukka til med dei neste 90, og gler oss til å feire dykk neste år.

Foto; Bremnes Seashore på merdkanten

Relaterte bedrifter