Bømlo Profil og Zinus inngår rammeavtale om arbeidsklær og profilering

bilde
Foto: Fra venstre, Dagleg leiar i Bømlo Profil AS Vegard Røsland saman med innkjøpsleiar i Zinus Aleksander Våge Nilsen

Bømlo Profil har signert ein rammeavtale med Zinus om levering av arbeidsklær og profileringsartiklar. Avtalen gjeld i fem år, med opsjon for Zinus til å forlengje i to ekstra eittårsperiodar (5+1+1 år) – og set Bømlo Profil som fast leverandør for eit selskap i sterk vekst.

Zinus AS, med hovudkontor på Rubbestadneset i Bømlo, er ein leiande leverandør av kabelhandteringssystem for landstraum og autonome ladeløysingar til hamner og maritime næringar over heile verda. Sidan oppstarten i 2018 har selskapet vakse til over 80 tilsette, og har levert løysingar til alt frå cruisehamner til ferjesamband og havbruk. Zinus har oppdrag i Europa, Asia og USA, og sikra nyleg sin første kontrakt i Australia. Dei tilsette reiser mykje i samband med installasjon og service verda over, og det gjer behovet for solide, praktiske arbeidsklær ekstra tydeleg.

– Me har hatt ein god prosess med Zinus, og no er me komne i hamn med ein god klespakke. Me viser nok ein gong at me vinn fram på kvalitet, pris og service, og det er me sjølvsagt stolte av, seier Vegard Røsland, dagleg leiar i Bømlo Profil.

– Me er svært stolte over å ha landa ein såpass stor avtale. Zinus er ein svært kvalitetsbevisst kunde. Klespakken me har laga er miljøsporbar og utan barnearbeid i produksjonen av kleda. Det er flott at bedrifter legg vekt på fleire parameter når dei gjer innkjøp, og me går no inn i ein avtale som er laga for å tåle tida, seier Svein Martens, styreleiar i Bømlo Profil.

– Me har handla med Bømlo Profil ei god stund allereie, og det er eit samarbeid me set stor pris på. Dei leverer og tilpassar produkta etter behova våre på ein god måte. Det at me får handle lokalt kombinert med 24 timers service og levering, gjer det heile endå betre, seier Aleksander Våge Nilsen, innkjøpsleder i Zinus.