Bømlo profil og Matre Maskin inngår strategisk rammeavtale

bilde
Foto: Fra v; Lasse Hellen(Bømlo Profil), Arve Våge Karlsen (Matre Maskin) og Vegard Røsland (Bømlo profil)

Dette skriv selskapet i ein pressemelding.

Bømlo Profil og Matre Maskin inngår strategisk rammeavtale– styrkar lokal tilknyting og utvidar eit etablert samarbeid.

Bømlo, 31.10 2025 – Bømlo Profil har inngått ein ny rammeavtale med Matre Maskin om leveranse av arbeidsklede og verneutstyr. Avtalen gjeld for ein periode på 2+2+1 år, og omfattar komplette løysingar for alle tilsette. Dette samarbeidet markerer ei vidareføring og utviding av eit godt etablert forhold mellom dei to aktørane.

Dagleg leiar i Bømlo Profil, Vegard Røsland, seier:

Me har utvikla ei heilskapleg og fleksibel løysing som dekker Matre Maskin sine behov. Gjennom god kommunikasjon og tett samarbeid har me fått på plass eit system som sikrar både kvalitet og rask levering. Me er klare til å levere – og stolte over å få vere ein del av deira drift.

Arve Våge Karlsen frå Matre Maskin uttaler:

Samarbeidet med Bømlo Profil har gjort kvardagen vår enklare. Det er svært praktisk å ha ein lokal leverandør som kjenner oss og forstår kva me treng. Me får rask respons og tilpassa service. 24-timers service får ein ikkje på internett, men det får me lokalt. Denne avtalen frigjer tid og ressursar, og gjer oss meir konkurransedyktige i ein krevjande marknad.

Lasse Hellen frå Bømlo Profil legg til:

Matre Maskin har allereie vore ein god kunde innan lasergravering og profilering, og me har jobba tett saman over tid. Denne avtalen er ei formalisering og ei naturleg vidareutvikling av eit samarbeid som allereie fungerer godt.

Styreleiar Svein Martens i Bømlo Profil uttaler:

"Me ser på Matre Maskin som ein framoverlent og profesjonell aktør som har hatt ei imponerande utvikling . Dei kombinerer lokal forankring med internasjonal aktivitet, og me er stolte over å få levere arbeidsklede som skal brukast av deira tilsette over heile verda.

Denne avtalen er eit bevis på korleis lokale samarbeid kan skape verdi langt utover kommunegrensene. Me i Bømlo Profil ønskjer å vere ein aktiv medspelar i denne veksten, og bidra med løysingar som gir både tryggleik, kvalitet og effektivitet i kvardagen."

Sjå alle nyhende