Bømlakonferansen 2026 samla næringsliv og unge rundt «skatt frå alle kantar»
72 elevar og meir enn 100 deltakarar frå næringslivet møttest til ein innhaldsrik dag med faglege perspektiv, lokale bedriftshistorier, humor og gode kulturopplevingar. Årets tema var «skatt frå alle kantar». Programmet spente frå internasjonal politikk og finansmarknader til SkatteFUNN, lokal verdiskaping og leiing i kriser.
Konferansen samla 72 elevar frå Bømlo vidaregåande skule og over 100 deltakarar frå næringslivet. Ny konferansier Johannes Nilsen Stusvik leidde dagen med stø hand, humoristiske innslag og korte filmsnuttar.
Dagleg leiar Ragnfrid Sønstabø ønskte velkomen og sette tonen for dagen med refleksjonar om moglegheiter og utfordringar i ei usikker tid.
Frå USA-val til finansmarknader og SkatteFUNN
Professor Hilmar Mjelde frå Høgskulen på Vestlandet heldt eit engasjerande foredrag om kongressvalet i USA og delte analysane sine av den politiske utviklinga.
Petter Slyngstadli frå Norne hadde publikum i si hole hand då han brukte grafar og analysar til å forklare kva som kan vente oss i finansmarknadene framover.
Petter Slyngsladli
Berner Elias Innvær fortalde korleis Trapperingen har nytta SkatteFUNN, og korleis støtteordninga har bidrege til å effektivisere og strømlinjeforme produksjonslinja.
Sunnhordlandspodden direkte frå scena
Kjetil Fyllingen tok Sunnhordlandspodden direkte frå scena. Årets gjest var Eidesvik Offshore-sjef Helga Cotgrove, som fortalde om reiarlaget, om korleis ho som tilflyttar opplever miljøet på Langevåg, og om både ei knust kneskål og den største skatten hennar: dottera.
Etter føremiddagsøkta vart det servert påsmurd focaccia frå Viergo til dei mange gjestene.
Fire lokale bedrifter på rappen
Etter lunsj fekk publikum raske presentasjonar frå fire lokale verksemder. Salsdirektør Bjørn Sturle Hillestad fortalde om utviklinga i Zinus og om framtidsmoglegheitene for selskapet.
Ny dagleg leiar i Moster Amfi, Marco Thomas, viste kva amfiet kan tilby bedrifter som ønskjer ei særmerkt ramme rundt arrangement.
Anja Hope presenterte hudpleieprodukt som ho lagar av talg under merkenamnet Nourish. Alle innleiarane fekk med seg produkt frå henne i gåve.
Plassjef Ståle Ytrøy avslutta den lokale runden med å forklare kvifor Scale AQ har valt å leggje hovudbasen for Sør-Noreg til Bømlo. Han fortalde òg om utvidinga av industriområdet som no er i gang.
Leiing i kriser
Professor Olav Olsen frå Universitetet i Bergen runda av den faglege delen med eit engasjerande foredrag om leiing i kriser. Hovudbodskapen var tydeleg: Det verste ein kan gjere i ei krise, er å ikkje gjere noko.
Olav Olsen
Ein dag med ein tydeleg raud tråd
Astrid Kjellevold oppsummerte konferansen før deltakarane samla seg til middag.
Kulleseidkanalen Gjestehamn serverte ein nydeleg trerettars middag. Roger Stangervåg og Oddgeir Røssland stod for det musikalske innslaget, medan ordførar Morten Helland heldt takk-for-maten-talen. Han nytta høvet til å takke for ein svært god konferanse med ein tydeleg raud tråd.
Oddgeir Røssland og Roger Stangervåg
Tusen takk til Sparebanken Norge som var hovudsponsor får årets konferanse. Ei takk og til SMART Automation som lånte vekk konferansieren til oss.
Relaterte bedrifter