Finnås Kraftlag ein samfunnsbyggar
Årsmøtet i Finnås Kraftlag vedtok etablering av nettutbyggingsfond.
Årsmøtet i Finnås Kraftlag gjekk av stabelen onsdag 21.05, på Bygdatunet. Det var 72 registrerte som møtte, med tilsaman 82 stemmer.
Eit samla årsmøte vedtok for andre året på rad ei endring av vedtektene slik at ein kan etablera eit nettutbyggingsfond, endringa vart gjeldande etter vedtaket.
Finnås Kraftlag skriv;
Bakgrunn/motivasjon
"Bakgrunnen for ønsket om å etablera fondet er å sikre at næringslivet på Bømlo har akseptable og konkurransedyktige kostnader ved etablering av næringsverksemd som krev forsterka straumnett. Fondet skal bidra til å dekke kostnader til etablering av ny elektrisk infrastruktur,som igjen kan skapa nye arbeidsplassar og vera til nytte for allmenta og samfunnet på Bømlo.
Regelverk om anleggsbidrag
Dagens regelverk er slik at nettselskapet(Bømlo Kraftnett) er pålagt å krevje inn anleggsbidrag dersom ein kunde utløyser investeringar i nettet ved tilknytning eller behov for auka kapasitet og eller betre kvalitet. Anleggsbidragsreglane gitt av kontrollforskrifta er ufråvikelege reglar, dvs at nettselskapet SKAL krevje inn anleggsbidrag.
I dag er det kapasitetsutfordringar i straumnettet både på Bømlo,i regionen og Norge generelt. Alle tilknyttingar større enn 1 MW vil også utløyse krav om anleggsbidrag i overliggande nett(sentralt- og regionalt). Ny næringsetablering vil i mange område utløyse krav om store anleggsbidrag som kan vera krevjande og virke dempande på næringsutvikling."
Delte ut 24,5 mill i kjøpsutbytte
I 2024 utbetalte Finnås kraftlag til medlemmene 24,5 mill. i kjøpsutbytte, dette saman medkonkuransedyktige straumprisar gjer det lukrativt for Bømlingane å være kunder hos kraftlaget.I år vert det også delt ut 2.756 mill i almennnyttige gåver til lag og organisasjonar.
Torleif Fylkesnes attvald som styreleiar.
Torleif Fylkesnes har gjennom ein lang periode som styremedlem og styreleiar vist stort engasjement i styret i Finnås Kraftlag. Han er ein viktig støttespelar for adm.dir.Tor Bjarne Smedsrud. Styret er breit samansett med engasjerte medlemmer med allsidig kompetanse og erfaring frå heile kommunen.
Bømlo Næringsråd er glade for at Finnås Kraftlag tek rolla som ein viktig samfunnsaktør til gleda for heile Bømlosamfunnet.