Amundsen Kabel AS har landa sin første kontrakt

bilde
Foto: Fv. Morten Amundsen, Per Gunnar Tryggestad, Cecilie Tingvoll Hope, Bak: Geir Amundsen

Det nystarta Bømlo-selskapet Amundsen Kabel har klare ambisjonar om å bli ein leiande aktør innan sjøkabeltenester. Marknaden har allereie respondert positivt og fyrste kontrakt er signert.

Amundsen Kabel er har sitt utspring frå Amundsen Diving som har over 47 års erfaring frå ulike typar undervassoperasjonar. - Me er heldige som kan dra vekslar på erfaringar frå ei bedrift som sit med kompetanse innanfor sjøkabeltenester. Det gjer at me er trygge på kva me kan levere til kundane våre, seier dagleg leiar i selskapet, Cecilie Tingvoll Hope.

Amundsen Kabel er likevel ei ny bedrift som skal stå på eigne bein, og som tek sikte på større kabeloperasjonar enn det Amundsen Diving har gjort tidlegare. - Det er eit stort behov for utbygging og trygging av infrastruktur knytt til straum og fiber langs Norskekysten. Amundsen kabel skal kunne ta på seg kabellegging over lengre distanser, i tillegg til transport og vedlikehald, fortel Tingvoll Hope vidare.

No er det høg aktivitet for å gjere seg klar til oppdraget som er planlagt gjennomført i 2. kvartal. - Me gler oss veldig til å komme i gang ute på sjøen. Parallelt med klargjeringa arbeider me for å få på plass nye grøne og innovative løysingar. Me kan ikkje gå i detalj på dette, men me har som mål å få dette implementert i 2024. Me veit våre potensielle kundar er opptekne av berekraftige løysingar, og me ynskjer å gjere ein positiv forskjell i så måte, fortel Tingvoll Hope vidare.

Amundsen Kabel har byrja å rekruttere nøkkelpersonell

- Me er heldige og har fått med oss Per Gunnar Tryggestad frå starten av. Han har lang erfaring med å leie store kabeloperasjonar. I tillegg vil me knyte til oss folk og bedrifter ettersom oppdragsmengda aukar, påpeikar Tingvoll Hope.

Byggjer på lang erfaring

I oppstarten har selskapet hatt tett dialog med Atheno sin inkubator som er knytt opp mot Siva. - Jobben vår er å hjelpe bedrifter som Amundsen Kabel til å gjere gode strategiske vegval, og gje dei gode verktøy for å lukkast. Dette er jo folk med lang fartstid og erfaring frå undervassbransjen. I tillegg har dei eit godt omdømme og stort nettverk å spele på. Slik me har lært dei å kjenne er dei både arbeidsame og målretta, og har alle moglegheiter for å lukkast i ein svært spennande bransje der det per i dag berre er nokre få andre aktørar, seier inkubatorleiar i Atheno, Kjetil Djuve.

Amundsen Kabel vil ha base på Rubbestadneset, i tillegg til et avdelingskontor i Mo i Rana, men heile Norskekysten som verkeområde. Det betyr at selskapet også vil kunne ta oppdrag for lokale verksemder. Kundane vil i hovudsak vere kraftselskap, nettselskap og breibandleverandørar.

Fakta Amundsen Kabel AS:

- Stifta: 2023
⁠- Eigarar: Morten Amundsen, Geir Amundsen, Cecilie Tingvoll Hope
⁠- Base: Rubbestadneset
⁠- Kundar: Kraft og nettselskap, samt breibandtilbydarar
⁠- Selskapet er medlem i den Sivastøtta inkubatoren til Atheno

Sjå alle nyhende