Årsmøtefest i Bømlo Næringsråd
Nydeleg festmat, utdeling av næringsrisen for årets bedrift god musikk og spennande foredrag, samt litt politikk satt tonen.
Torsdag 26.03.26 vart det arrangert årsmøtefest på Kulleseidkanalen
Gjestehamn, der 50 bedrifter var representert med heile 81 gjester til stades.
Kvelden starta med ei smakfull forrett , skalldyrsuppe før hovudretten Laks
Wellington vart servert. Til dessert fekk alle nyte Tiramisù. Årsmøtet og festen vart sponsa av Fylkesnes Fisk, som bidrog til å sette ei ekstra ramme kring arrangementet.
Årets næringspris vart delt ut i samarbeid med jury beståande av styret i næringsrådet og Frode Urang frå Nesseplast, som sponsa prisen. Kunstnar var Martha Kristensen frå Galleri Finnegården. LOS Gruppen, Multisafe og Zinus var nominerte, men det var ein stolt og glad Jakob Særsten som tok imot prisen på vegne av selskapet sitt. Selskapet har no nærmare 700 tilsette, der 70 av dei er lærlingar, og konsernet hadde i fjor ei samla omsetning på 1,7 milliardar kroner. Særsten er ein ekte gründer og Bømlapatriot, oppteken av å skape lokale arbeidsplassar og utvikle Bømlo vidare. Prisen var velfortent!
Malin Arntsen heldt eit inspirerande foredrag. Ho kallar seg daglig leder av livet og vart kåra til årets Nordlenning i 2009. Ho er kjend for ordtaket «ingenting er umogleg det
umoglege tek berre lengre tid». Gjennom forteljinga om korleis ho starta Klokkargarden på Rødøy og alle sine andre prosjekt, begeistra ho tilhøyrerane med sin utrulege sjarm og energi. Malin Arntsen har lukkast med å gjere Rødøy til eit attraktivt reisemål med
over 30 000 besøkande i sesongen, ei ustoppeleg kvinne!
Ein stor takk går til Bømmelfjord og Lauritz Eidesvik som fekk Malin Arntsen til Bømlo.
Foto;BN , Ustoppelige Malin Arntsen førr ei dame, ho haldt forsamlinga i si hule hand i ein time.
Stortingsrepresentant Helge Andre Njåstad (FrP) deltok også på årsfesten. Njåstad landa tre timar før festen starta på Flesland, etter ein 11 dagars tur til FN og Washington. Han fortalte om turen og delte tankar om stemninga i USA, noko som var både interessant og litt skremmande å høyre om. Njåstad vart også utfordra til å seie noko om situasjonen på Løvebakken, der senterpartiet brått støtta høgre sitt forslag om å redusere avgiftene på bensin og diesel. Stortingsfleirtalet har dermed overkøyrt regjeringa og næringsliv og
privat personar kan glede seg over reduserte prisar på drivstoff. Helge Andre Njåstad er likevel heilt klar på at det til tross for litt endringar og ustabilitet på Stortinget nå, så står det norske demokratiet sterkt. Me takkar Helge Andre Njåstad for at han tok seg tid til å kome til Bømlo og treffe næringslivet – det set me stor pris på.
Foto; Heidi Halleraker, Helge Andre Njåstad i samtale med Ragnfrid Sønstabø
Me takker for eit godt oppmøte til årsmøte og på årsfesten, og ein ekstra takk vertskapet på Kulleseidkanalen Gjestehamn og til Bømlabandet FEIK som sto for kveldens musikalske underhandning.
Relaterte bedrifter