Vedtekter

bilde
Foto: Til enstre skimtar ein så vidt Margret Hagerup, leiaren i Norges Bondelag Bjørn Gimming og underteikna

Vedtekter for Bømlo Nœringsråd

§ 1 Namn

Foreininga sitt namn skal vera Bømlo Næringsråd.

§ 2 Formål

Næringsrådet har som formål å fremja næringslivet sine interesser gjennom idéskapande og koordinerande verksemd. Hovudvekta skal leggjast på følgjande oppgåver: 

  • Vera eit kontaktorgan mellom næringslivet og styresmaktene. Arbeida aktivt for at styresmaktene i samarbeid med næringslivet legg tilhøva til rette både for eksisterande og nye næringsverksemder, inkludert infrastruktur og samferdsle. 

  • Fremja kontakt og samarbeid i næringslivet i kommunen og med næringslivet utanfor kommunen. Fremja næringslivet si konkurranseevne ved å stimulera til samarbeid mellom bedrifter. 

  • Driva PR-verksemd for å fremja ei positiv innstilling til næringslivet. Støtta opp om bedriftene si eiga PR-verksemd og marknadsføring. 

  • Fremja og samordna undervisning, fagopplæring, lengre utdanningsløp og rekruttering, gjennom samarbeid skule - næringsliv. 

  • Arbeida aktivt med å tiltrekka og halda på kompetanse til næringslivet gjennom målretta nettverksaktivitetar, særleg retta mot unge/nye i arbeidslivet. 

§ 3 Medlemskap

Bedrifter, foreiningar, organisasjonar, institusjonar og einskildpersonar kan vera medlemmar i næringsrådet etter styret si godkjenning.

§ 4 Finansiering

Finansieringa skal skje ved medlemspengar, kommunale og andre offentlege tilskot, private bidrag og honorar for spesielle oppdrag.

§ 5 Styringsorgan

Næringsrådet sine styringsorgan er:

  • Årsmøtet
  • Styret
  • Valkomitèen

§ 6 Årsmøtet

Årsmøtet er næringsrådet sitt høgste mynde. Årsmøtet skal haldast innan utgangen av april månad. Driftsåret fylgjer vanleg rekneskapsår 01.01-31.12. Det skal kallast inn til årsmøte med minst 4 vekers varsel. Årsmelding, godkjend rekneskap og budsjettforslag saman med saksliste skal sendast medlemmane seinast ei veke før møtet. Årsmøtet skal velja møteleiar. Det skal førast protokoll frå årsmøtet. Årsmøtet skal behandla følgjande saker: 

  • Årsmelding 

  • Rekneskap 

  • Budsjett og medlemspengar for neste år 

  • Val av: 

    • Styremedlemmar

    • Varamedlemmar 

    • Leiar og nestleiar 

    • Valkomité 

  • Eventuelle vedtektsendringar 

  • Innkomne saker 

Saker som skal behandlast av årsmøtet må vera innkomne til styret innan 4 veker før årsmøtet. Berre medlemmar som har betalt medlemspengar for siste året, har stemmerett. Kvar medlem har ei stemme. Ved stemmelikskap er møteleiar si stemme avgjerande. Ekstraordinert årsmøte skal innkallast når styret ynskjer det eller når minst halvparten av medlemmane krev det. 

§ 7 Styret

Styret er samansett av 5 medlemmar og 2 varamedlemmar, som alle er valde av årsmøtet. Funksjonstida for alle styremedlemmane er 2 år. Leiar og nestleiar i styret skal veljast frå styre av årsmøtet for 1 år om gongen. Styret er vedtaksført når leiar eller nestleiar og 2 andre styremedlemmer er til stades. Ved stemmelikskap er leiaren si stemme avgjerande. Styret skal sørgja for at næringsrådet til ei kvar tid har eit tilfredsstillande sekretariat. Det skal førast protokoll frå styremøta, og alle andre møte rådet deltek i. Rekneskap skal førast av autorisert rekneskapsbyrå. Styret skal føreslå valkomité til årsmøtet.

§ 8 Valkomitè

Årsmøtet vel ein valkomité på 3 medlemmar. Valkomitèen skal til årsmøtet foreslå styremedlemmar og varamedlemmar. Funksjonstida for valkomitèen er 1 år. Valkomitèen skal leggja vekt på å foreslå medlemmar som gjev eit styre med geografisk og næringsmessig spreiing.

§ 9 Medlemsmøte

Det skal haldast 2 medlemsmøte kvart år. Eitt av desse møta kan vera årsmøtet.

§ 10 Vedtektsendringar

Forslag til endring i vedtektene skal setjast fram skriftleg til styret innan 4 veker før årsmøtet. Vedtektsendring krev 2/3 fleirtal av dei frammøtte på årsmøte som har stemmerett.

§ 11 Utmelding

Utmelding av Bømlo Næringsråd skal vera skriftleg til styret med 6 månaders varsel, og gjeld frå første årsmøte.

§ 12 Oppløysing

Næringsrådet kan vedtakast oppløyst av årsmøte eller ekstraordinært årsmøte. Ved vedtak om oppløysing skal årsmøtet avgjera korleis ein skal nytta næringsrådet sine midlar og fond. Styret skal i forkant av årsmøtet førebu framlegg til vedtak om korleis midlar kan nyttast. Avstemming skjer etter same reglar som for vedtektsendringar.  

Vedteke av årsmøte i Bømlo Næringsråd den 11. april 2024  

Sjå alle nyhende