Ynskjer seg meir arbeid og nye kontraktar
Ynskjer seg meir arbeid og fleire kontraktar
BN har tatt turen til Viergo og treff dagleg leiar Leif Kåre Natterøy for andre gong etter brannen.
Me møter ein travel og engasjert dagleg leiar som viser oss rundt på branntomta.
Tomta er no frigjort av politiet og Natterøy ser fram til å få rydda området og få gjere klar til å føre opp nytt bygg. Natterøy fortel om god dialog med kommune, styret i Viergo og dei tilsette i selskapet.
BN var med blomehelsing dagen etter brannen
Viergo 2.0
-No ser me moglegheita for å få eit meir framtidsretta og formålstenleg bygg, men først må me koma i mål med forsikringsselskapet og oppgjeret der-, fortel Natterøy.
Når me nå skal bygge opp att og investere i nytt bygg og ny maskinpark for framtida, treng me føreseilegheit og helst fleire framtidige kontraktar, dette gjeld for både vaskeri og for snekker avdelinga fortel Natterøy.
Viergo har 25 VTA(Varig tilrettelagt arbeid) plasser, dei har også 9 AFT (arbeids førebuande trening)plassar. I tillegg så har ein i 2024 hatt 2 praksisplassar frå Stord videregåande skule og 1 praksisplass frå Bømlo videregåande skule. Det er totalt 13 arbeidsleiarar i tillegg til dagleg leiar som arbeider i selskapet.
Det er ikkje tvil om at Viergo har ein stor plass i hjarta hos oss Bømlingar og at me er stolte over å ha ei slik bedrift i vår kommune, noko som alle helsingane, omtanke og utlån av utstyr frå lokale bedrifter har vist, etter brannen.
Er det nokre av medlemsbedrifter som har oppgåver som kan setjast ut til Viego så er dette tida.
Nytt desgin på hagemøbler har vist seg å være populære, snekkerverkstaden prøver ut nye produkt.
Ring gjerne Leif Kåre på 47238780 for finne ut av kva Viergo kan hjelpe deg med.
BN ynskjer Viergo lukke til!