Møt Ydda på heim igjen!
Ydda er eit kortreist konsulentselskap frå Bømlo som tilbyr konsulenttenester til næringslivet i Sunnhordland. Dei ønskjer å knyte kontakt med studentar på Heim igjen, som kan tenkje seg å arbeide for Ydda på deltid/timebasis i prosjekt medan dei studerer. Om dette høyrest interessant ut bør du lese meir om kva dei driv med her, og møte dei på Heim igjen 22. desember!
Med relevant kompetanse og god kjennskap til det regionale næringslivet, står Ydda klare til å hjelpe kundar med å gjere dei rette prosjekta, og gjere dei best mogleg.
Ydda hjelper bedrifter å gjennomføre prosjekt som gjerne blir nedprioriterte i kvardagen, alt frå arbeid med kvalitetssystem, kommunikasjon til implementering av IT-system. Me går inn med tid og kompetanse til å scope, strukturere og drive prosjekta framover, slik at bedrifta kan utnytte eigne ressursar meir effektivt i prosjekta, og nå måla på tid, plan og kost. I tillegg bistår me kundar med rådgjeving innan prosessarbeid, organisasjonsutvikling, bruk av KI, strategiarbeid, næringsutvikling, politiske prosessar med meir.
I dag er me to konsulentar i Ydda, men me er på leit etter ein eller fleire studentar som ønskjer å få relevant erfaring, tett oppfølging og moglegheita til å bidra inn i reelle prosjekt ved sidan av studiar. Me er ikkje først og fremst ute etter erfaring eller ein spesifikk utdanning, men etter ein person som er engasjert, motivert og har styrkar som kan komplettere oss. Kanskje møter me nettopp deg på Heim igjen? Kom gjerne bort og slå av ein prat!