Vil skapa meir liv i Bygdatunet
Den perfekte jobben for meg
Då Øyvind Eriksen første gong kom til Langevåg for snart tre år sidan, fekk han raskt ei kjensle av at dette var ein plass han kunne trivast.Eg hugsar at eg tenkte: «Her kunne eg tenkja meg å jobba», fortel Eriksen.Eriksen kjem opphavleg frå Stavanger, men har fått sterke band til Langevåg gjennom sambuaren. Då paret fekk barn i fjor, bestemte dei seg for å etablera seg på Bømlo.
Då jobben som dagleg leiar vart ledig søkte eg.For meg er dette verkeleg drøymejobben. Eg er sosial og utadvend, og likar å jobba med menneske. Har tidlegare erfaring som sjømann,lærar og som driftsleiar av senter. Dette er den perfekte jobben for meg, seier han.
Eit hus med mange funksjonar
Langevåg Bygdatun er langt meir enn ein kafé og ein idrettshall. Her er det catering, kafédrift, treningssenter, kultursal og arrangement gjennom året. I tillegg kjem drifta av MS GåPå som vert leigd ut til private og bedrifter for kortare eller lengre turar, der er
eg både matros, kokk og servitør, fortel han. I førre veke var Eriksen på sikkerheitskurs, slik at han kan mønstre på ved behov.
Bygdatunet er på mange måtar hjartet i Langevåg. Det er til tider mange baller i luften og mykje som skjer, her er det berre å kaste seg rundt og trø til der det er behov, fortel Eriksen.
Han er djupt imponert over dugnadsånda i bygda og over arbeidsiveren, her stiller dei opp i alle aldrar og bidreg der dei kann.
Vil skapa meir liv – og fleire inntekter
Eriksen har mange idear for korleis Bygdatunet kan bli eit endå meir levande bygg.
Konsertar, julebord og større arrangement er viktige inntektskjelder. I tillegg ønskjer han å prøva ut konferansar, meir utleige og nye tilbod for næringslivet.
Det er ledig kontorkapasitet og me ser på moglegheiter for co-working, prosjektleiarkontor og andre løysingar. Her er mykje potensial, og me ser mogligheita for å auka inntjeninga.
Biblioteket flyttar inn
Eit av prosjekta Eriksen gler seg mest til, er ombygginga av foajeen til bibliotek. Arbeidet startar til hausten, og han meiner prosjektet kan løfta heile huset.
Dette vert kjempespennande. Med biblioteket på plass vert Bygdatunet ein endå meir naturleg møteplass for folk i alle aldrar, seier han.
Prosjektet har fått 400.000 kroner frå Vestland fylkeskommune og 250.000 kroner frå Sparebanken Norge. Eriksen ser føre seg at biblioteket, kaféen, kultursalen og idrettshallen kan gjera Bygdatunet til eit tydelegare kulturhus for bygda.
Vil vera ein møteplass for heile Bømlo
Eriksen ser ikkje på Bygdatunet som ein arena berre for Langevåg. Målet er at huset skal trekkja folk frå heile Bømlo, anten det handlar om kultur, idrett, møteverksemd eller sosiale arrangement.
Me har fasilitetar som me kan vera stolte av, også samanlikna med langt større stader. Eg gler meg til å fylla huset med gode opplevingar innan både idrett og kultur, seier han.
Samstundes meiner han at bygdene på Bømlo har mykje å vinna på å spela kvarandre gode.
Konserten med Sjøkart No. 19 vart ein stor suksess, med 400 selde billettar og fullt hus. Eriksen meiner det er rom for fleire slike arrangement i Langevåg, fordi dei både skapar liv og gir viktige inntekter.
21-22 august er det igjen klart for Kystsogedagane, eit av dei faste høgdepunkta i Langevåg.Programmet byr på sjømatbod, konsertar, aktivitetar for born og det tradisjonsrike kassabilløpet. Nytt av året er eigne klassar for seniorar og bedrifter.
Eg håpar fleire bedrifter og vaksne kastar seg med og brukar løpet som både moro og teambuilding, seier Eriksen. I år som tidlegare år er det sjømatbord på fredagskvelden og dans på laurdagskvelden.
Avhengig av bygda og næringslivet
Trass i stor aktivitet og mykje entusiasme, er økonomien ei viktig utfordring for Bygdatunet. Huset er eit aksjeselskap eigd av bygda, og har ikkje dei same faste tilskota som offentlege kulturhus.
Me må klara oss på eigne bein. Difor er arrangement, utleige og cateringoppdrag heilt avgjerande for å få drifta til å gå rundt, seier han.
Bygdatunet er eit stort bygg som krev mykje vedlikehald. Berre det siste året er det investert rundt to millionar kroner i lys og elektriske anlegg.
Mykje vert gjort på dugnad, men framover må me auka inntektene slik at me har råd til vedlikehald, mellom anna å skifta vindauge og kledning, bygget er 21 år gamalt, seier Eriksen.
Eriksen legg vekt på at støtta frå lokalt næringsliv betyr svært mykje.
Utan bidraga frå bedrifter i Langevåg hadde mykje av aktiviteten vore vanskeleg å få til. Eidesvik, Napier og andre lokale aktørar er viktige støttespelarar for oss, seier han.
Skal du trivast, må du engasjera deg
Å flytta frå Stavanger til ei lita bygd har vore ei stor omstilling. Samstundes opplever Eriksen at han er blitt svært godt teken imot i Langevåg.
Eg har møtt mange positive folk som heiar på det me prøver å få til. Det gjer at eg kjenner meg verkeleg velkomen, seier han.
Han meiner nøkkelen til å trivast i ei bygd er å engasjera seg og ta del i det som skjer. Då vert ein både kjend med folk og ein del av fellesskapen.
Framover ønskjer han å bruka energien på å utvikla Langevåg Bygdatun vidare som ein levande møteplass for bygda og ein arena for heile Bømlo.
Å få vera med på å utvikla Bygdatunet til ein ennå betre møteplass er både inspirerande og kjekt, eg har landa draumejobben, seier den nye daglege leiaren.
Mellom Bygdatunet og Hillestveit skule ligg sokkamyra, der det vart gjort geologiske utgravingar i forbindelse med bygginga av Bygdatunet. Her har dei nå laga ein ny og spanande møtestad for små og store, på dugnad.
Relaterte bedrifter