– Vi tenkte å være eit par år…

bilde

Lasse Breivik møter oss med smil om munnen og glimt i auga, og byr på ein god kopp kaffi. Han og kona Veronica har drive Bømlo Hotell i 18 år, truleg den lengste, samanhengande hotelldriftsperioden i Bømlo. Og dei skulle berre vera nokre få år før dei for vidare til Bergen, men slik blei det jo ikkje.

Lasse innrømmer at det har vore opp- og nedturar, og at nokre bølgedalar har vore tunge å komma seg opp av. – Som til dømes då etterdønningane etter finanskrisa trefte oss i 2010. – Å driva bygdehotell er på mange måtar er ein livsstil meir enn ein jobb. Særleg når både mann og kone er involvert. Dei seinare åra har Veronica jobba med andre ting, nettopp for at det ikkje skulle bli alt for oppslukande for familien.

Dei siste par åra har vore lærerike

Me undrar oss på korleis pandemien har slått ut for dei. Svaret kjem kjapt; Det har vore lærerikt! Me måtte snu på ein del steinar og setja huset i ei anna driftsform. Det blei meir forhåndsbestillingar og me måtte tilpassa kostnadane til mindre aktivitet. Så der har me nok lært litt og etter kvart sett nye muligheiter. Kva er Bømlo Hotell, kor står og kva vil me? Me veit at me har eit gamalt bygg, men kan jo tenkja «kva kan me fylla det med» og «kva er det folk vil ha»?

Samarbeid med næringslivet er nøkkelen

– Når me ser korleis andre i hotellbransjen satsar og kva respons dei får, har me ein veg å gå her på Bømlo, legg han til. – Me ser jo at me har behov for eit løft på romsida, det har me for så vidt jobba med heile vegen. Samtidig set me jo her og er usikre på kva me skal vera framover, skal me vera eit hotell, eller eit motell eller kanskje eit internat? Om lag 80% av inntektene våre kjem frå næringslivet. Me prøver å få ein feedback på kva behovet er der, det kan vera andre konsept som passar betre i den framtida me ser tar form her på Rubbestadneset, fortel Lasse. – Hotellet er jo ein ressurs som kan brukast på fleire måtar, og han legg til at gjennom openheit og samarbeid meiner han det er mogleg å finna gode løysingar som tener alle partar. – Det er alltid snakk om pris, fortel Lasse. Utfordringa er å få ønsket om lågare pris til å gå i hop med levedyktig hotell. Då må me møtast og drøfta ulike modellar, slik at behovet for kundane våre blir avklart og møtt med vårt tilbod.

Så hermed er invitasjonen gitt til næringslivet: Ta gjerne kontakt og fortel kva de tenkjer om dykkar behov framover. Overnatting, møteplass, mat & servering.

Trur på oppgang og nye løysingar

– Me ønskjer å ta i bruk hotellet som ressurs i den vidare utviklinga i Rubbestadneset, smiler hotellsjefen, for anledningen kledd i kokkedrakt og nissehua. Om han trur på julenissen skal me ikkje ha noko meining om, men han har god tru på framtida. Endeleg er det bygging i gang rett over vegen, der det nye teknologisenteret reiser seg. Aktiviteten i bygda vil ta seg opp framover, det er han trygg på no. Så får me sjå kva tilbod kundane våre ønskjer og om me kan dekka behovet og finna ei driftsform som gir ei vinn-vinnløysing.

Sjå alle nyhende