Vestlandsindeksen vart presentert i Moster Amfi

bilde
Foto: Remy Atle Bilsback

Det var god stemning blant dei ca. 40 frammøtte, som kom på Frukostmøte i regi av Sparebanken Norge i går.

Presentasjon av Sparebanken Norge

Regiondirektør for Sunnhordland og Haugalandet i Sparebanken Norge Nils Mikal Emberland orienterte saman med Ass. Banksjef Einar Almås om fusjonen mellom Sparebanken Vest og Sparebanken Sør, det er ein ny sterk og slagkraftig bank som nå utgjer Sparebanken Norge.

Hovedutdrag fra Vestlandsindeksen

Remy Atle Bilsback presenterte Vestlandsindeksen for ei lydhør forsamling. Det er urolege tider med mykje som skjer utanfor norge nå, men hovudbudskapet er at bedriftene på Vestlandet går godt, og at me foreløpig ikkje er så prega av alt uroen rundt i verda.

Det er vanskeleg å spå, særlig om framtiden fortalde Bilsback.

USA har garantert for vår og Europa sin sikkerhet i 80 år, nå er det nye tider og USA tar eit steg tilbake. USA går i ein autoritær retning fortel Bilsback, me står ved eit veiskille og Trump sin tillitt til EU og Europa er lav. Det gode er at nå samles Europa det er ein auka vilje til å forsvare Ukraina og stå saman i desse urolege tidene. Det er forventa at den internasjonale økonomiske veksten vil reduserast fra 3.3% til 2,9% i i 2025 og 2026, og at dei landa som vil merke det mest er USA,Canada,Mexico og Kina. I Europa forventar ein faktisk ein beskjeden vekst fra 0.8% til 1.0%.

EU er vår viktigste handelspartner

Mesteparten av vår eksport går til Europa, og me importerer mest fra Europa, sjå graf under:

Fastlandsøkonomien vil ta seg opp i 2025

Tala viser ein klar oppgang i husholdningane sitt konsum, saman med auka boligbygging vil fastlandsøkonomien løftes til eit meir normalt nivå, ein har hatt gode lønsoppgjør i 2023 og 2024 på ca 5.5%, og Norges bank har signalisert første rentekutt i september. Høg pengebruk i det offentlege er med på å halde aktiviteten i økonomien og rentene oppe, seier norges bank.

Vestlandet er i vekst

Kva viser så Vestlandsindeksen?

Resultatindeksen auka for Q2-2025, forventningane er stigande. Alle regionane utanom Sogn og Fjordane auka i Q2-2025, Rogaland auka mest opp. Forventningar til auka etterspørsel er opp i tre av fire regionar. Størst optimisme finn ein for bedrifter knytta til olje og gass. Hordaland har jamn og positiv utvikling i andre kvartal.

Ein stor takk til Sparebanken Norge og til Remy Atle Bilsback for eit innhaldsrikt og interessant frukostmøte.

Sjå alle nyhende