Verda er uroleg, men Vestlandet står sterkt
Måndag samla me rett over 40 deltakarar til lunsjmøte på Bømlo Hotell, der det vart servert god lunsj frå Bralunsj.
Dagleg leiar i næringsrådet Ragnfrid Sønstabø starta med å fortelje om kompetanseundersøkinga gjennomført i samråd med Næringsalliansen, der 40 bedrifter frå Bømlo svara. Undersøkinga peiker på stort kompetansebehov framover, særleg innan yrkesfag. Denne vil bli sendt ut til medlemsbedrifter i etterkant.
I år som tidlegare år hadde me gleda av å få besøk av valuta- og rentemeklar Remy Atle Bilsback frå Sparebanken Norge. Gjennom foredraget «Norge og Vestlandet i ein uroleg verd» gav han eit interessant innblikk i dei økonomiske og geopolitiske utfordringane som pregar verda akkurat no, og kva dette kan bety for norsk næringsliv.
Bilsback peika på at verda står framfor store investeringar innan mellom anna energi, infrastruktur, forsvar og kunstig intelligens. Samtidig skaper uro i internasjonale marknader, høgare renter og vedvarande prisvekst større usikkerheit for både bedrifter og hushaldningar.
Likevel var hovudbodskapen optimistisk. Vestlandet står framleis sterkt, med høg aktivitet innan industri, energi, shipping og reiseliv. Verda etterspør ressursane, produkta og kompetansen regionen vår leverer, og på lengre sikt ligg det store moglegheiter i den omstillinga som skjer globalt.
Remy avslutta med å spå Noregs sjansar i fotball VM, og meinte at den middels gode kampen mot Marokko i går kan vere ein god inngang til mesterskapet, då ein dårleg generalprøve ofte fører til at ein leverer når det gjeld.
Me takkar Remy Atle Bilsback for eit innsiktsfullt og engasjerande innlegg, og alle deltakarane som tok turen til Bømlo Hotell for ein lærerik og triveleg lunsj saman med oss.
Relaterte bedrifter