Uvissa er den store utfordringa

bilde
Foto: Banksjef Vivi Tranøy Loftheim og Einar Almås, avdelingsleiar næringsliv i Sparebanken Vest. Bilete: Randi Olsen.

(Me gjer merksam på at denne saka er skrive før offentleggjeringa av grunnrenteskatt til havbruksnæringa m.fl.)

Det vanskelegaste no, særleg for bedriftene våre, er uvissa. Det er vanskeleg å planleggje, for me veit ikkje kva som skjer, eller korleis verda ser ut rundt neste hjørne.

Sparebanken Vest spelar ei viktig rolle i lokalsamfunnet vårt, både for privatkundar og for næringslivet i kommunen. Dei har god oversikt over privatøkonomien for dei av oss som er kundar i den lokale banken, og dei har god oversikt over korleis det går med bedriftene våre. Det er for tida mykje uro kringom, rentene stig, prisane stig både på matvarer og på råstoff til bedriftene, straumprisane er rekordhøge, krigen rasar i Ukraina og uvissa rår.

Må få ned inflasjonen
⁠Torsdag 22. september sette Norges Bank opp styringsrenta til 2,25 prosent, og varsla at ho kom til å gå ytterlegare opp i november. Bankane følgjer naturleg nok etter og hevar sine renter, noko som vil merkast i lommebøkene til folk. Me er mange som lurer på om det var nødvendig av Norges Bank å setja opp renta no, når så mange merkar auka prisar på varer og tenester, rekordhøge straumprisar og høge drivstoffprisar.

– Kan de forklara dette på ein enkel måte, kvifor det er nødvendig å heva rentene meir akkurat no? Me spør banksjef Vivi Tranøy Loftheim og Einar Almås, avdelingsleiar næringsliv. – Hm, ikkje godt å svara enkelt på, men vurderinga Noregs Bank sit med er nok om det kan verta endå verre for økonomien å ikkje heva renta dersom inflasjonen bit seg fast på så høge nivå som no, seier Almås. – Det er for å dempa prisveksten som har vorte altfor høg altfor raskt. Dersom renta går opp, får hushaldningane mindre å handle for, slik at prisane ikkje aukar så raskt, og dermed går inflasjonen ned. No er inflasjonen på kring seks prosent, medan Norges Bank ynskjer den ned på to.

Problemet er at det tek tid før rentehevingane verkar og me ser konsekvensane, seier Tranøy Loftheim. – Me må også ta med at det ikkje er naturleg å ha renter på null slik me har hatt dei siste åra, slik at dette er som venta. Rentene går dessutan opp også internasjonalt, og alt heng saman, seier Almås.

Ingen krisestemning – så langt
⁠Men korleis står det til økonomisk med bømlingane? Er det krisestemning ute blant kundane? – Nei, det er ikkje det, seier banksjefen. Og det skuldast at denne krisa er noko ulik andre kriser: Vanlegvis er det høg arbeidsløyse FØR/NÅR krisa oppstår. I dag har me derimot ein god arbeidsmarknad, med låg arbeidsløyse. Det er tvert om mangel på arbeidskraft i mange bransjar. Folk har gode jobbar med god løn. Folketalet i Bømlo aukar, folk treng hus å bu i, så bustadmarknaden er god. Bustader vert omsette relativt raskt, seier ho. Men ho legg til at dei merkar at folk er meir tilbakehaldne med til dømes å kjøpe båt og ny bil, ventar gjerne litt med det. Det skuldast nok uvissa, seier ho.

– Når det gjeld lån, så er me pålagde å ta høgde for at lånerentene kan gå opp til fem prosent når me løyver lån, og dermed er det ikkje noko fare på ferde for kundane våre så langt. Men så er det uvissa, då, kva som skjer, seier ho. Personelg er ho mest spent på kva som skjer med fritidsaktivitetar og utelivet, der det ofte er små marginar.

Kampen om arbeidskraft er reell, og for å få folk til å flytta hit er me avhengige av at også det frivillige lagslivet og kulturlivet fungerer. Så det er spennande tider, seier ho. - Og dessverre er det slik at dei som har minst, får endå mindre, så det er nok dei som vil merka at lommeboka vert tynnare. Då er det viktig at dei tek kontakt med oss i banken. Terskelen er låg, og eg vil oppmoda dei som treng hjelp til å vera ute i god tid. Ikkje vent til krisa er der, men kontakt oss tidleg, oppmodar ho.

Næringslivet går godt – per i dag
⁠Det same gjeld for næringslivet, seier Einar Almås. – Me er aktive overfor bedriftskundane våre, me må høyre korleis det går ute i bedriftene og korleis dei har det, seier han. Almås peikar på tre hovudgrupper bedrifter i vår kommune: Fiskeri og havbruk, landbasert industri, inkl bygg og anlegg og handel. Alle opplever kostnadsauken, både på råvarer, drivstoff og straum. Men oppsummert er det ikkje krise i næringslivet på Bømlo per i dag. Dei aller fleste står seg godt. Førebels. – Men dei er avventande, og opplever uvissa som alle andre. Viss den noverande situasjonen varer, til dømes seks eller tolv månader fram i tid, ser det truleg annleis ut. Almås meiner havbruksnæringa står seg godt og vil tåle ein støyt før dei vert skadelidande. Dei driv med matproduksjon, og er difor viktige på den måten. Men for dei som har små marginar å gå på, er det veldig usikre tider.

Almås er likevel imponert over næringslivet vårt på den måten at dei er proaktive for å finna løysingar. - Dei sit ikkje berre og ventar på at nokon skal ordne ting for dei, dei er aktive og løysingsorienterte for å kome seg gjennom krisetidene. Verdiskapingskulturen står sterkt i Bømlo. Men, det er vanskeleg å planleggja i desse tider, slår han fast.

Viktig for kundane å ha lokal bank
⁠Både Vivi Tranøy Loftheim og Einar Almås er opptekne av at Sparebanken Vest skal vera nær kundane sine og vera gode rådgjevarar og støttespelarar både for private og næringslivskundar. – No har det vore ti gode år med investeringsvilje og gode resultat. No er me inne i andre tider, og det er gjerne viktigare enn nokon sinne å støtta opp om og hjelpa kundane våre gjennom personlege rådgjevarar, seier dei to.

Dei meiner det er viktig å ha ein lokal bank på staden som kjenner samfunnet og innbyggjarane, og dei gler seg til å dela ut tidenes sum til frivillige lag og organisasjonar om kort tid. – Det er ein av grunnverdiane våre, at me skal visa samfunnsansvar og gje tilbake til lokalsamfunna som faktisk utgjer 60 prosent av eigarskapen vår. Banken er ein viktig bidragsytar til lag og organisasjonar, men det er også viktig at bømlingane brukar oss for at me skal kunna levera tilbake, slår dei fast.

Sparebanken Vest er ein av sponsorane til Bømlo næringsråd. Kor viktig er det å ha eit godt fungerande næringsråd i desse tider? – Næringsrådet er viktig for å få ut informasjon. Dei kan vera med og påverka og driva lobbyverksemd på vegner av bedriftene, og ikkje minst å skapa møteplassar der ein kan møtast og utveksla erfaringar og suksesshistorier. Det er viktig å treffast over ein kaffikopp og eit smørbrød, seier Almås.

Sjå alle nyhende