Utdatert plan skapar utfordringar for næringsdrivande i sentrum

bilde
Foto: Miljøgata slik den er tenkt i kommunesenteret.

Bømlo Næringsråd ønskjer å peike på den manglande heilskaplege sentrumsplanen for kommunesenteret. Sist plan vart vedteken i 1989/90, og det har skjedd store endringar i samfunnet sidan den gongen. Mangelen på ein heilskapleg plan over tid, gjer i dag utfordringar for næringsaktørane, som skapar viktige arbeidsplassar og møtestader i kommunesenteret vårt. 

Meir enn 60 % av handels- og servicebedriftene som er medlem i næringsrådet, er etablert i og rundt kommunesenteret. Dei utgjer 400 årsverk, og har meir enn 100 ungdommar i deltids- og sommarjobbar. I tillegg bidrar dei med om lag 1,5 MNOK sponsorkroner til lag- og organisasjonar over heile øya. Bedriftene innan handel og service utgjer nokre av dei viktigaste møteplassane i kommunen, og bidrar til eit levande kommunesenter. 

Eit sentrum er bygd opp av ulike aktørar som skapar aktivitet, slik som handel- og servicebedrifter, offentlege tenester, kommunale tilbod, aktivitetar, parkar, kulturliv og andre samlingsstader. Det er i seinare år gjort val i kommunen vår, som har medført at offentlege tilbod som barneskule, ungdomsskule, symjehall, kommunale funksjonar, legekontor, og andre offentlege tenestilbod har blitt plassert geografisk nært, men jamvel utanføre sentrumskjernen til kommunesenteret. Me ser dette i nokre av delsentera våre òg. 

Plasseringa av aktivitetsskapande tilbod utanfor sentrumskjernen, bidrar til å utarma eit sentrum som allereie har store utfordringar. Ein byggjer ikkje opp under næringslivet som har tilhald her, og ein brukar ikkje dei moglegheitene ein har for å støtte opp om næringslivet som skapar møteplassar for innbyggjarane, og ikkje minst arbeidsplassar for mange. 

Siste 20 år har det blitt meir og meir krevjande å drive innan handel og service. Marginane krympar, og fleire av dei som har starta opp siste åra, har måtta leggja inn årane. Det kan heller ikkje forventast mange nyetablerarar i åra som kjem, då handlemønsteret har endra seg, og fleire og fleire handlar på nett. Det me kan gjere, er å leggje betre til rette for dei som er etablert her, slik at dei kan utvikle seg og levere gode tilbod i framtida òg. 

Det er no laga til ein plan for miljøgate i kommunesenteret. Næringsrådet synes det er flott at det vert lagt planar for korleis ein kan auke trafikktryggleik og oppgradere gatebiletet i sentrum. Samsundes er me sterkt uroa for nokre av løysingane ein legg opp til, som vil svekkje konkurransekrafta hos einskilde næringsdrivande. Dette har me gjeve tilbakemelding om i vårt høyringssvar til planframleggjet. I tillegg har me bede kommunen om snarleg å setje i gang arbeid med ein heilskapleg sentrumsplan, der ein set seg som mål å auke aktiviteten i kommunesenteret vårt.

Næringslivet står klare til å bidra med sine erfaringar og idear, som vil vere viktige innspel for å sikre at ein ny sentrumsplan er med og utviklar og styrkjer næringsaktørane som er etablert der. Saman kan me sikre eit levande og aktivt kommunesenter for innbyggjarane våre, og gjere Bømlo til ein enno meir attraktiv kommune å besøkje og busetje seg i.

Sjå alle nyhende