Undersøking om offentlege anskaffingar

bilde

Denne veka fekk medlemmane i Bømlo næringsråd tilsendt ei undersøking om offentlege anskaffingar, Målet med undersøkinga er å finne ut kva som kan gjerast for å auke sannsynet for at lokale leverandørar vinn fram i lokale, offentlege anbodskonkurransar.

Bakgrunn for undersøkinga er ei samling i Næringsalliansen i juni i år, kor Bømlo næringsråd er eitt av 15 næringsråd i Vestland fylke som deltek. På samlinga tok me mellom anna opp tema offentlege anskaffingar, og at regelverket ofte gjer det vanskeleg for mindre, lokale aktørar å vinne fram i anbodskonkurransar mot større regionale og nasjonale verksemder.

Grunnen til at me tok opp denne saka, er at me lokalt har fått tilbakemeldingar om at det offentlege anskaffingsregelverket vert opplevd som ein stor sentraliseringsmaskin, og fått kjennskap til at lokale aktørar har slutta å bruke tid på å tilby tenester til det offentlege, fordi dei gong på gong har blitt slått ut av konkurransen av store aktørar, som ikkje har kontor i regionen.

Dei større aktørane er ikkje nødvendigvis flinkare til å utføra tenestene enn dei lokale, men dei har rigga selskapa sine med eit større maskineri på administrasjonssida, med spisskompetanse på kontraktsrett og tilbodsskriving retta mot offentlege anbod. Her kjem mindre firma til kort, då dei ikkje har musklar til å byggje opp tilsvarande kompetanse i sine selskap, og det blir for krevjande å skrive gode nok tilbod til å vinne konkurransen, når den som skriv tilbod samstundes må utføre daglege driftsoppgåver.

Ein svært uheldig sideeffekt av at dei store aktørane vinn offentlege anbodskonkurransar, er at arbeidsplassar som kunne vore i distrikta, både fagarbeidarar og arbeidsplassar for folk med lengre utdanning, heller enda opp i meir sentrale strok. Og det er dette Næringsalliansen no vil sjå på om me samla kan gjere noko med – for å sikre at lokale, offentlege anbod i større grad kan vinnast av kompetente lokale leverandørar – og sikre eit rikt og variert arbeidsliv i både by og bygd.

Me oppmodar difor alle medlemmane våre som har interesse for offentlege anbodskonkurransar, om å svare på undersøkinga.

Sjå alle nyhende