Trening gir overskot og betre helse, også på jobb

bilde

Kva er det som får eit lite knippe unge, entusiastiske treningsinteresserte til å starte bedrift? – Lena Christensen fekk med seg mann og bror og sette i gong med eit prosjekt som viser igjen i sentrum, treningssenteret Sporty Bømlo.

Dagleg leiar Lena tar imot oss med eit stort smil i eit beskjedent kontor i Bømlo Storsenter, det er tydeleg at kontoret ikkje er hovudsaka i treningssenteret. – Me har 460 kvadratmeter stort lokale, og prioriterer mest mogleg til trening, fortel ho. – Og me er stolte over det flotte anlegget me har klart å bygga her i senteret. To gruppesalar og ein styrkesal, gode personlege omkledingsrom, dusjar og toalett. - Og folk set pris på opplegget vårt, legg ho til.

Fagleg og personleg bakgrunn for satsinga

– Eg starta å trena sjølv i 2012, er eigentleg pedagogisk utdanna med kroppsøving som fag. Etter ein del år Bla omsom lærar og litt anna arbeidserfaring, fekk eg lyst til å prøva å arbeida med trening på heiltid. – Eg starta då eit enkeltpersonsforetak som personleg trenar og dreiv med det i eit par år, fortset Lena.

Sommaren 2019 begynte me å tenka på etablering av eit treningssenter. Me sette i gang og med planlegging og etter kvart ombygging her i Bømlo Storsenter utover mot årsskiftet. Me hadde store visjonar og visste kva type senter me ville ha. Når ballen begynte å rulla gjekk det fort, og blei kanskje litt større enn me først hadde tenkt, særleg slik som ting utvikla seg. Me fekk ein knall opning 18. januar, med positive tilbakemeldinga og mange kundar. Men berre to og ein halv månad etter kom pandemien inn over landet, og me blei stengt ned.

Snudde tankegangen

– Me gjekk jo «all inn» og jobba ubetalt for å få dette opp og gå, så då kompensasjonsordningane kom fekk me ikkje noko der. Så me måtte snu tankegangen og tenka kva kan me gjera og korleis kan me overleva, fortel Lena om dramatikken i fjoråret.– Me måtte setja ein del av ambisjonane litt på vent og håpa at folk er tolmodige. Me har enorme muligheiter og fantastisk kjekke lokaler. Så sjølv om me har hatt litt mange utmeldingar i vår, håper me at lysten til å trena kjem tilbake; her er opne dører!

Ta vare på dine medarbeidarar!

Lena fortel at dei kan tilby mange forskjellige løysingar for bedriftene. Dei hadde tankar og draumar om å få til gode opplegg også for næringslivet men har ikkje kome skikkeleg i gang enno. – Me har masse tankar om dette, har gode lokale til gruppetrening og opplegg som gjer at du kan vera med uansett kva nivå du er på treningsmessig. Det er jo ein fin måte å møtast på som kollegaer utanom arbeidstid! – Alt ligg til rette for at bedriftene skal få eit godt tilbod som passar den enkelte og bedrifta, ta berre kontakt, avsluttar Lena. Og tenk at trening gir god helse og kanskje mindre sjukemelding, vinn - vinn for både bedrift og arbeidstakar!

Sjå alle nyhende