Tøffe tider i møbelbransjen

bilde

Anja Tufta Nyhammer fortel næringsrådet om nokre tøffe år i møbelbransjen, men ho stortrives som dagleg leiar på 6. året for Sortland Møbelsenter AS. Selskapet vart etablert i 1983, og er medlem av Møbelringen.

Anja overtok drifta 1.1.2020. 1 mars stengde dei butikken for oppgradering, så kom coronaen.

Anja er ikkje uerfaren med butikkdrivarrolla, då ho i 16 år dreiv Cubus på Bømlo.

Det er ein blid og opplagt møbelsjef som nettopp er kommet tilbake fra ferie.

Ho angrar ikkje at valde å bytte bransje for å selge møbler. Kundane våre er fantastiske, bømlingane er trufaste og me har også mange stordabuar som kjem innom og handlar hos oss. Ho unnskylder at det er litt lite sofaer i butikken, for hyttefolket har kjøpt mange av utstillingsmodellane i sommar, dei må ha møblar med eingong, fortel ho. Så du merkar sommarturistane du også? Ja me har eindel hyttefolk som handlar hos oss.

"Det er tøffe tider nå, og folk utset sofakjøpet litt lengre enn før, alle er påvirka av renteoppgang og usikre tider. Møbel og interiør tilhøyrer jo på ein måte luksusbransjen og me er dei første som får kjenne på at folk får mindre å rutte med", fortel ho. "Me til liks med alle andre merkar at varekostnaden har auka og ikkje minst transportkostnadane. Det er difor godt å tilhøyre ein kjede som forhandlar prisar for oss".

Me lurar litt på kva stil Bømlingane går for på møbelfronten. Dei er nok litt konservative, brukar litt tid på å velge sofa og spisebord, går ofte for klassiske ting som er tidlause, noko som gjerne er smart for dette er jo ting som skal vare ei stund, fortel ho.

Anja vert ofte godt kjent med kundene sine, mange kjem fleire ganger før dei bestemmer seg, det er veldig kjekt seier ho.

Korleis ser du på framtida?, spør me.

Framtida er usikker fortel ho, me har teke eit par grep, me er nå 4 stk som arbeider her i tillegg til ein ekstrahjelp.

Me satser for fullt på vidare drift og med hardt arbeid skal me lukkast, fortel ho.

Me ynskjer Anja og gjengen på Sortland Møbelsenter lukke til vidare.

Sjå alle nyhende